torsdag 22. januar 2009
Prøving og feiling
Denne veka har for det meste gått med til å "leike" seg på nettstaden min. Det er kjekt men noko frustrerande når ingen gadeta vil ligge der eg plaserar dei...Har forstått at eg ikkje er aleine om dette, og det gjer jo at ein slappar av litt meir. Samtidig vert det ikkje gitt karakter på design så no søv eg noko lunde på natta ;-) Er vel litt slik som Karina sei at ein vil ha på plass alt med ein gong, lurer på om det er ein slik jenteting å få orden i sakene med ein gong, men då fell kanskje poenget med prosesslæring mykje bort... Uannsett hadde det vor mindre frustrerande med litt meir konkrete svar slik at ein kan "øve" seg på noko slik at ein blir trygg på seg sjølv og føler ein kan ta med seg ting vidare for å lære andre. Slik det er no føler eg at eg svevar i eit univers der eg ikkje veit kva eg held på med... Heldigvis så har eg Karete til å hjelpe meg! Ho synest det er kjekt å trykke å finne ut av ting og eg synest det er skummelt! Men så veit ho litt meir om kvar ho skal trykke, så eg håpar eg skal lære masse av henne denne våren! Så får eg vel berre senke skuldrane og sleppe taket på frustrasjonen og henge meg på prosessen....
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar