onsdag 8. april 2009

M3, M2, A3, Prosjektplan, design, blogg, nettside og litt til.....

Ja det må enn sei, dette vart litt av en påskeferie...NOT! Men det e vel slik å vere student..?? En smule hektisk når børna har fri frå alt å skal strekke til... Student 100%, mor 100%, samboer ?% ;-) Og noko meir er jo det ikkje så mykje tid til...

Først så skulle M3 inn 6.4, så trudde eg endelig eg haddde litt god tid på A3, som ikkje skal inn før 20.4, slik at det kunne bli litt påskeferie. Men den gang ei, ei knapp veke før påske når vi var i innspurten på M3, kom det ramlande en prosjektplan ifht eksamen på DKL104 som skal inn 13.4!!! Kanskje har det stått i semesterplanen, men det er ingen på gruppa mi som hadde fått med seg i allafall!!! Folk har jo planlagt påskeferie og greier, og oss som er mødre har barn rundt beina heile dagen så det er ikkje akkurat dei beste arbeidsforholda, men vi skal vel få det til dette og... Føles berre litt vanskeligt å skal bestemme seg for kva ein vil fokusere på til eksamen, når ein ikkje er ferdig/eller begynt på siste oppgåva på Dkl104 som kunne vere et alternativ til eksamensoppgåve...men men har ein dårlig tid så jobbar ein vel fortare..??

I tillegg til dette skal no ein prøve å få inn eit blogginnlegg innimylla, sjekke opp om alle delemna er dekte her og på nettsida, som skal vere klart til 30.4. Begynner å kjenne at det skal bli deilig med 19.mai... Samstundes har vi også fått tilbake M2 og den var heldigvis godkjent, men vi fekk mange gode peikepinnar om kva som kunna vore gjort litt annaleis, men det ville kreve at vi måtte gjere endringar på heile oppgåva. Dette prøvde eg å sjå på, men fann fort ut at det vart noko tidkrevande med alt det andre eg/vi har å gjer...So då får eg berre prøve å argumentere for dette når eg skal reflektere i eksamensinnleveringa til DKL102 14.5. Men når DKL104 gruppeeksamen skal vere inne til 12.5 og vi skal opp i muntelig til denne 19.5 er eg ein liten stor smule bekymra for at det ikkje blir so mykje tid då heller... Ja ja håpe det ikkje det e superviktig å blogge mykje no på slutten, for då blir no det ein slik frustrasjonsutbruddplass..;-)Men det kan kanskje vere greit...

Når det gjeld design så har eg prøvd å fått med den raude tråden eg og....auge er sonen min sitt...Hald augene åpne, rettlei dei unge på rett vei når det gjeld IKT, Mediedanning, digital kompetanse.... var det eg prøvde å sei her...elles så har eg prøvd å ha noko lunde samme farge, ein treng ikkje vere feminist og/eller rødstrømpe for å like rosa!! I tillegg til at eg likar fargen, symboliserar den og støttar kreftsaka...

Spanande er det iallefall, kunne berre ønske eg hadde minst dobbel så lang tid, slik at ein fekk til til litt meir enn berre så vidt vere innom å prøve ting,men faktisk også kunne lære å bruke dette slik at ein hugsar det neste gong ein skal prøve...
Ja ja nok frustrasjon for ein dag!!! GOD PÅSKE VIDARE TIL DEN SOM MÅTTE LESE DETTE!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar