fredag 27. mars 2009

Innspurten alt i gang!?!!

Ja det følest iallefall slik! Er no i gang med dei to siste arbeidskrava før eksamen å det har berre gått så utruleg fort! M3 trur eg at eg er så å seie i boks med, men ein føler seg aldri sikker når ein jobbar aleine med oppgåvene, og då er det greit med litt kvalitetssikkring av andre!;-) Ser at ein slik informasjonsnav kan vere eit fole greit verkty å ha tilgjengelig. Utfordringa her må jo vere å begrense seg slik at ein kan klare å få til ei oversiktleg side for kvart fag. Kvart fag har jo igjen sine tema med sin tilgjengelige og truverdige informasjon, så kvar ein skal sette rammene eller begrensingane her føler eg er vanskeleg. det ideelle ville kanskje å ha ein nav for kvar fag, og så ha undersider til tema her? Ser at tidsressursen her kan by på ei utfordring, men når det først er gjort blir det vel berre nokre små justeringar og det å følge opp me nytt stoff når det dukkar opp? Startar ein på dette i til dømes 8.klasse, vil jo ein kunne ha denne naven gjennom heile ungdommstrinnet, og bruke den på nytt når ein evt begynner med ny klasse, med som sagt berre nokre få justeringar og tilpassingar undervegs... Det samme skulle vere mogeleg å få til på mellomtrinnet. Jo før en begynner å utvikle dei unge sin informasjonskompetanse og mediekritiske kompetanse jo bedre. Her er iallefall min Netvibes.

Har så vidt fått begynt å kikke litt på A3 og men der er det eit stykke igjen, og blir nk ikkje ferdig med den før over påske. Synest alt såg forholdsvis greit ut, bortsett frå storyboarden, då ikje mine teikningar er med på å visualisere mine tankar om korleis filmkutta skal sjå ut, men eg skal vel klare å teikne nokre fyrstikkmanna eg og... ;-) Lykke til folkens so ser vu over påske! God Påske!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar