onsdag 29. april 2009
Kjempe lurt!
onsdag 22. april 2009
POESI om DKL både 104 og 102
Månebilde frå Stavanger som eg har tatt....
Blogginnspurt!
Hensyn må vi ta for å gjere alle gla...
Ikkje låne ikkje ta, og ikkje vise bilete
før eit samtykke du har!
Personvern og opphavsrett er her to VIKTIGE ord!
Sosial web kan by på så mangt...
Treng du ein venn kan du til Facebook gå
Er kameraet ditt fullt, finst det håp, og
både på Picasa og Flickr vil du få gode råd!
Men husk og pass på, det er ikkje alltid
det er ærligheita som rår.....
Film, podcast og nettavis har vi laga!
Medieproduksjon heiter det i desse dagar.
Her var Design ein viktig faktor,
for når auga skal sjå, er det viktig
at det estetisk vakkert er laga...
Men også her er Personvern og Opphavsrett to meget VIKTIGE ord!
Tekst er så mykje meir no enn før...
Bilete, ord, lyd og film
kan i dag skrive våre ord.
Samansatt tekst har det til namn....
Tenk så godt for den som ikkje lese og skrive kan
som no kan prate og lytte og alikevel kunne føle at det gjer si nytte....
Og stor stas er det er når ein filmstjerne kan vere...
Det finst så mongt ein må lære
og alt er ikkje like lett å bære...
Då kan det hjelpe å lære å lære...
Mindomo eller freemind er to slag av samme sort
og eit nyttig tenkjeverkty det kan vere
for å klare å bære alt du skal lære...
Digital kompetanse er eit vanskelig ord...
som må forklarast med mange ord...
Ferdigheiter, kunnskap, visdom og holdningar
er her viktige ord, og dei må igjen
forklarast med sine eigne nye ord...
Om du Informasjonskompetanse har,
er du godt på veg, for då kan du finne vegen
i den werdens wide weven...
Hugs då å bruk din kritiske sans,
for det er ikkje alltid
det er ærligheita og visdommen som er til salgs.....
Dei unge i dag har sine eigne arenaer
og slik må jo det også vere...
Men vi må rettleie og vise dei vegen
for korleis det bør og kan vere...
Det er ikkje berre lett å vere 14 år og på nett, og alltid hugse å bruke vett...
Då er det viktig å lære at vett er VIKTIG!
både i den verkelege verda og på Nett.
Digital arena eller ein annan arena
Kardemommelova ruler og burde gjelde på alle skuler!
Hensyn må ein alltid ta, både på nett og i den verkelge verda... Ei nyttig side kan då vere Lovdata.no. Er det noko du lurar på om du har lov til å bruke, publisere o.l i arbeidet ditt finn du svar på dette her. Men ein "gylden" regel kan vere at ein ikkje skal bruke noko utan løyve, så spør å sjekk alltid ut før du "lånar" noko til arbeidet ditt. Dette var også pensum i DKL101 så har ikkje reflekteret så mykje over det i bloggen. Men i alle blogginnlegg og innleveringar har eg kreditert alle som eg har brukt som kilder, eg har brukt eige eller opphavsklarert materiale og meinar at eg ikkje har brote verken lova om opphavsrett eller lova om personvern. Har eg det vil eg gjerne vite det for då veit eg det ikkje sjølv. Er av den trua at eg skal kunne rettleie elevane på rett veg innanfor opphavsrett og personvern når vi skal bruke dette i didaktisk læringsarbeid og evt publisere noko på Internett...
mandag 20. april 2009
Livet går vidare og eksamenane nærmar seg....
Når det gjeld DKL104 er det litt meir å gjer. No er prosjektplanen ferdig og innlevert, så då er det rettleiar vi ventar på. Ifølgje tidsskjema skulle vi vel få utdelt ein i dag! Så då er det vel berre å ta til på resten av arbeidet så vi kjem i mål med eksamensprodukt og rapport til 12. mai....og finne ut korleis vi skal forberede oss til muntelig den 19.mai. Spørs om tilstedeværelsen vil være heilt på topp 17.mai som vi er så gla i! ;-) Prøver å ikkje tenkje så mykje på akkurat det enda...no vil vi berre ha klar signal frå rettleiar slik at det er berre å sette i gang med siste innspurt.... Så satsar vi på at vi får god hjelp til å komme i gang på siste DKL104 samlinga.
Mens ein ventar har eg prøvd å fylle ut hulla i blogg/logg/nettsida mi for at alle delemna skal vere representert, og trur no at eg er nokon lunde i mål!
lørdag 18. april 2009
Siste DKL102-samling :-(
Pippip på verandaen vår i Stavanger...
:-( ;-) :-D....
Siste samling var vanskelig, bra, morsom og vemodig! Det vanskelige var på Torsdagen, når vi måtte gi respons til kvarandres oppgåver! Har ikkje for vane å lese andre sine høgskule innleveringar og følte at det var vanskelig å gi god tilbakemelding, då eg mangla litt forutsetningar for dette. Men det var veldig lærerikt å sjø kor forskjelligt vi kan løyse den samme oppgåva, så for å få ein "breiare horisont" var dette kjempe lurt!Så dette var vel både vanskeligt, bra og lærerikt!
Det som var bra, morsomt og lærerikt var fredagen! Tusen takk for besøket Hr.Wølner, det satte vi stor pris på! Det var veldig inspirerande og lærerikt å høre på Wølner, og det å få prøve seg på animasjon var utrulig morosomt. Vi var nesten ferdige, vi hadde redigert alle bilda, lagt på/funne musikk og tatt opp lydane vi skulle ha med og så kræsja Windows Movie Maker :-( Vi prøvde fleire gongar men det ville ikkje, og vi skulle akkurat til å lagre akkurat i det alt kræsja.. Bjørn Endre fikk lagra det meste på ein minnepinne, så eg håpar han får ordna filmen, for den vart faktisk ganske så bra...
Vemodigt...
Ja det var litt vemodigt, at vi ikkje skal samlast meir. Når ein treffast så sjeldent så tek det litt tid før ein blir kjent og trygg på kvarandre, men på slutten no så har det berre blitt kjekkare og kjekkare og veldig sosialt! Og når man elles er ensom samaritan med hjemme studier, er dette noko en set stor pris på! Håper vi held kontakta kjære studentvenner og tusen takk for et spennende og lærerikt år! Om ikkje eg er digital kompetent enda så er eg iallefall eit stort skritt vidare, og det er ikkje lenger skummelt å ta til på noko nytt eller tørre å trykke for å sjå kva som skjer! Må få sagt at eg personlig kune tenkt meg litt meir verkty "leiking" og litt mindre pedagogikk, men eg har ialefall ikkje blitt mindre reflektert i forhold til arbeidet etter dette året! Trur faktisk at av alle år eg har studert, er dette det året eg har lært mest... Dette er ikkje smisk, men tusen takk Kjell! For din tilstedeværelse, inspirasjon, kompetanse og kreativitet som du har delt med med oss på ein fantastisk god måte! Gonna miss you all! Håper vi sees igjen ein gong! Lykke til videre på ferden! Klem frå Mona!
fredag 27. mars 2009
Innspurten alt i gang!?!!

Har så vidt fått begynt å kikke litt på A3 og men der er det eit stykke igjen, og blir nk ikkje ferdig med den før over påske. Synest alt såg forholdsvis greit ut, bortsett frå storyboarden, då ikje mine teikningar er med på å visualisere mine tankar om korleis filmkutta skal sjå ut, men eg skal vel klare å teikne nokre fyrstikkmanna eg og... ;-) Lykke til folkens so ser vu over påske! God Påske!
torsdag 19. mars 2009
Web 2.0-verkty

(Bilete frå Informasjonskompetanse2-leksjonen, redigert i Picnik.)
I denne figuren over ser du nokre av de viktigste web 2.0-verktøyene som alle har eit pedagogisk potensiale ved seg. Ta ein grundig kikk på dei.
* Kva for nokre brukar du i dag?
* Kva for nokre har du høyrt om?
* Korleis kan dei brukast inn mot elevane si læring?
Eg kan berre tale for meg sjølv, men eg må sei det er ganske tankjevekkande å sjå kor mange av desse eg berre så vidt har høyrt om, men ikkje har noko aning om korleis virkar... Når 3 av 4 unge brukar web 2.0- verktøy trur eg det er viktig at vi som lærarar har kjennskap til mykje av det som eksisterar innanfor denne "sjangeren". Dette for å få betre mogelegheiter til å vite og forstå kva dagens unge held på med, og samstundes kunne dra nytte av denne kjennskapen i større grad for å planleggje, tilretteleggje og tilpasse undervisninga. På denne måten trur eg at både dei unge og lærarane vil finne undervisning og kompetanseutvikling både meir meiningsfull, meir fleksibel, med større moglegheiter for variasjon og at læringsprosessane blir meir i tråd med samunnsutviklinga.
Når det gjeld meg og dette tankekartet, så har eg som sagt hørt om nesten alle, og eg har iallefall hørt om nokre innanfor kvar hovudgruppe. Når det er snakk om kva eg brukar, så brukar eg nok ikkje verkty innanfor kvar hovudgruppe. Når det gjeld video, så har eg vore mykje inn på YouTube å kikka, og eg har høyrt om Googles video, men eg har ikkje laga noko sjølv for så å leggje det ut. Må vere stas for elevane å få lage eigne filmar for så å publisere dei til dømes på YouTube så lenge ein har eit bevisst forhold til personvern og opphavsrett. Samstundes så tykkjer eg at YouTube kan vere ein stad å "øve opp" elevane sin mediekritiske kompetanse, då det meste blir publisert her, og elevane må ha eit kritisk forhold til dette og ikkje ta alt for god fisk.
Når det gjeld lyd, så har vi gjennom Dkl studiet fått prøvd å lage podcast. Resultatet fin du her. Dette trur eg kan brukast på ymse vis i ulike læringsprosessar. Til dømes kan elevane lage faglege radioreportasjer innanfor ulike emne, som eit alternativ for veggavisa eller vanleg kateterframføring, eller kanskje kan dei lage eit reklameinnslag for heimstaden sin.
Bokmerkeverktya har eg hørt mykje om, men har desverre ikkje komt meg i gang med å bruke dei, men eg ser at dette er ein god måte å ta vare på gode nettstadar, bloggar og ymse anna som har nytteerdi i seg til seinare eller som ein berre finn interessangt og vil komme tlbake til seinare og som ikkje har RSS tilgang.
Tankekart har eg brukt ein del, og eg har prøvd både freemind og mindomo og synest dette er ein god måte å strukturere og forenkle læring på. Dette trur eg er mange elevar og som tykkjer. Når ein i tillegg kan lagre dette på nett, dele det med andre over nett og samarbeide på samme tankekart på nett gir dette nye moglegheiter og potensiale for auka læringsutbytte og samarbeidslæring.
Med dagens produksjon av samansatte tekstar, er det fole greitt å ha ein plass å lagre å hente bilete frå. Sjølv har eg Picasa og ser store potensiale her. Det som blir viktig å ta hensyn til her er opphavsrett og personvern i forbindelse med å bruke andre sine bilete, eller det å publisere bilete av andre. Her har flickr ein flott ressurs som heiter cc. Creative commons er bilete som andre har "gitt" frå seg slik at alle kan bruke dei utan a ein må ta hensyn til personvern og opphavsrett.
Blogg, Wiki og Google doc`s er alle tekstverkty på nett. Eg brukar for tida både den første og siste, og ser stort læringspotensiale i begge to. Blogg kan ein bruke i alle fag, eller innanfor ulike tema i ulike fag. Fagblogg eller temablogg kan vere ein plass der elevane skal publisere eller dele sin eigenskapte kunnskap, noko som eg trur må vere meir meiningsfylt enn å heile tida lese pensumboka, kvifor ikkje lage sin eigen pensumblogg på nett? Når det gjeld Google dok`s er dette eit godt verkty for å samarbeide på samme tid på nett. Med dette verktyet kan ein site i kvar sin heim å samarbeide med lekser, ein kan samarbeide på tvers av skular, på tvers av fylker og landegrenser, og samarbeid har nådd ein heilt ny dimensjon...
Atom og Rss er vel det eg fortsatt føler meg mest usikker på..Forstår korleis det funkar og eg tykkjer det er heilt genialt, men samstundes så føler eg ikkje at eg heilt veit kva rg held på med når eg held på med dette. Kanskje det blir for abstrakt eller høgtsvevande..;-)? Genialt er det i allefall. Ved å til dømes bruke Netvibes så kan ein lage sin eigen base for relevant informasjon ifht ulike fag, interesser eller andre ting, og ved då å sette Rss på desse så får ein beskjed om når det dukkar opp nye ting. Informasjonen kjem til oss istedet for at vi må leite etter den. Utfordringa blir kanskje før ein har fått etablert dette, det å finne det ein vil abonnere på i den store www`n, men den som leitar vil vel finne....
Den siste store gruppa, trur eg er den som blir mest brukt blant dei unge, og minst på skulen...I allefall formelt sett under lærarstyring. kanskje er dette like greit når dette er den "nye" sosiale arenaen for dei unge og at det kanskje ikkje er så interessangt for dei unge å dele denne arenaen med lærarane...Sjølv er eg med i Facebook og synest dette er ein super måte å halde kontakt med vennar på. Ser eit potensiale i å bruke dette som ein kommunikasjonsplass mellom lærarar og elevar på ulike vis. Men samstundes så er eg veldig usikker på dette,og med ein god og funksjonell LMS vil dette kunne fungere flott som ein kommunikasjonskanal mellom elevar,lærarar og foreldre. Ein annan faktor som vil vere like så viktig med dei unges bruk av sosiale nettverk er etablering av nett vett og med det mediekritisk kompetanse. Kanskje kan ein bruke dei sosiale nettverka for å etablere dette. Ikkje ved å innta denne arenaen til dei unge, men gjennom samtale, kritisk reflektering og bevisstgjering av dei unges måte å oppføre seg på i den verkelege verda, kontra den digitale...
Med å gi elevane:
-ansvar, for eg sjølv, sine medelevar og samfunnsutviklinga
-innblikk i konsekvensar dersom ein ikkje tek dette ansvaret
-tru på dei som individ, medelevar og samfunnsborgarar
trur eg at dei sosiale nettverka kan bli ein viktig faktor i sosialiseringa i dagens samfunn, og det er vel den viktigaste læringsprosessen av dei alle....
Sanna Trygg og mine meiningar……
Tida som blir brukt på medier har ikkje auka noko særleg, men dei unge bruker mange fleire medier på samme tid. Akkurat no sit eg på nett og bloggar, er innom msn av og til, hører på nettradio og er innom og googlar når det trengst, alt dette samtidig. Eg har bikka 30, og eg synest det er vanskeleg å halde styr på alt eg har tilgong på, og vite kva som er truverdig og ikkje, og det er så å seie umuleg å ikkje la seg påvirke av reklame, også i ein alder av 30…… Så då berre undrar eg på kor det må vere for 10-12 åringane i dag…
Når tilgjengeligheita på det meste har blitt så enorm som den er i det digitale universet, og når mange av brukarane av sosiale nettstadar og andre netttenester er elevar langt nede på barnetrinnet, meinar eg det sei seg sjølv at dette stiller krav om rettleiing og hjelp til navigering, og til det å utøve evne til å stille seg kritisk til all den informasjonen som finst tilgjengelig. Når 70% av det som svever ute i det digitale universet er ”sprøyt” eller i allefall ikkje til å stole på, treng både elevar og lærarar opplæring og rettleiing i korleis ein skal navigere for raskt å finne informasjon om det ein er ute etter, og det å kunne velge ut truverdige kilder. Lærarane må saman med elevane utvikle ei mediekritisk kompetanse.
Med denne kompetansa i ryggen, vil både elevar og lærarar vere i bedre stand til å navigere tryggare på nett. Mediekritisk kompetanse saman med det å vite korleis og kvar ein skal søkje, trur eg er alfa omega for å kunne handtere alt det som er tilgjengelig på nett i dag. Med dette som bagasje kan vi som lærara og foreldre føle oss tryggare, og elevane vil i følgje Birgitte Kleivset, kunne i større grad vere i stand til å søke etter informasjon, vurdere denne kritisk for så å bruke det som er relevant og truverdig. Med fokus på å etablere informasjonskompetanse blant elevar og lærarar, vil dei blant anna kunne:
-Erkjenne et behov for informasjon
-Identifisere og finne fram til passende
informasjonsressurser
-Evaluere kvaliteten på informasjonen
-Velge ut og organisere informasjonen
-Bruke informasjonen effektivt
-Innsjå at informasjonskompetanse er en forutsetning for
livslang læring(Overland, (2009)
Dette trur eg er, og kjem til å vere veldig viktig å vektlegge i den digitale læringsprosessen for at vi skal kunne oppnå ei optimal digital kompetanse, og ikkje gå oss vill og drukne i det enorme og fortsatt ekspanderande digitale universet………
Spørsmålet ein då sit igjen med er korleis vi skal kunne gi elevane denne mediekritiske kompetansen.
Kjelder
Overland, J A. (2009) Informasjonskompetanse 1 - DKL102 våren 2009
Delemnet Informasjonskompetanse Informasjonskompetanse og forskning [Tilgjengeleg frå] https://docs.google.com/a/ga.hivolda.no/Doc?id=dg9r76pg_0gsdv2kvh
mandag 16. mars 2009
Programvare for læringsarbeid
Når eg så skulle finne fram til, og plassere eit program i kvar av Koschmann sine kategoriar synest eg dette var vanskeleg. ”Behavioristiskprogramvare” er jo i og for seg greitt å plassere, men samtidig er jo det mykje behavioristisk i mykje av den kognitive og sosikulturelle programvara som er tilgjengeleg. Dette synest eg gjorde det komplisert å på ein måte måtte sette programvarene i pedagogiske ”båsar”, men eg har dog gjort eit forsøk som de ser i tabellen under.Denne er ein bearbeida versjon av Koshmann sin tabell.

Tenkjer her at reine drill program der ein berre skal svare rett eller galt og får ”tilbakemelding” etter resultat, er den mest behavioristiske programvare/læremiddel kategorien som finst, og fell då under CAI. Då ITS er ei raffinering av CAI meinar eg at programvara/læremidla vil vere mykje likt her, men vil krevje ei meir interaktiv form for læring. Er litt usikker på programvare valet her då eg føler dei flyt litt over i kvarandre, og eg ikkje har nok kompetanse rundt dette.
Når det gjeld Logo as Latin, her oversatt til tenkjeverkty, må jo det vere all programvare som kan vere til hjelp for å sortere tankar og kunnskap og er med på å halde eit visst system i kaoset. Tek ein dette vidare inn i Koschmann sin siste paradigme katogori CSCL så kan ein samarbeide om å strukturere tankar og kunnskap, og mindomo er nesten der.(Dersom ein snakkar om å arbeide samtidig) Når det gjeld til dømes Google dokumenter synest eg det er ei veldig bra programvare(netteneste) innanfor CSCL kategorien og eg er sikker på at det vil kome mange fleire av denne typen i den næraste framtid.
Hutchings kube.

Når ein då skal plassere programvarene inn i Hutcings kube(bilete "lånt" frå leksjonen), føler eg at eg er på gyngande grunn på grunn av manglande kunnskap om dei aktuelle programvarene. Med utgangspunkt i Kocshmann sine kategoriar sei det på ein måte seg sjølv, men likevel har eg ei kjensle av at eg ikkje heilt veit kva eg held på med. I alle fall vil den eleven som berre får bruke ”behavioristisk programvare” med stor sannsynleg heit befinne seg nede i det venstre hjørne som den passive og lærarstyrte eleven. Samstundes vil den eleven som får boltre seg i ”sosiokulturell programvare” med stor sannsynleg heit bli eleven som er opp i høgre hjørne; den aktive, kreative eleven med kontroll. ITS vil jo då komme nest nedst, og ein del programvare innanfor kategorien tenkjeverkty, meinar eg kan hevde seg på toppen saman med anna sosialpedagogisk programvare, og nokre eit stykke under.
Men når dette er sagt, så trur eg at det er viktig å prøve seg innanfor alle desse kategoriane til Koschmann, slik at elevane har best mulige føresetnadar for å finne sin måte å lære best på. Samstundes kan dette og vere ein fordel dersom ein ønskjer at elevane skal ”hevde” seg på dei nasjonale prøvene og andre kartleggings prøver som føregår på nett, då desse har ein del oppgåver som ligg nedst i forhold til Hutchings kube. Eg er i alle fall av den formeining at ein skal vere innom alt, men kanskje prøve å ha hovudvekta på det sosialpedagogiske, så lenge ein klarer å oppretthalde rollene i skulen…
Men i alle fall, ved å plassere eit program i Hutchings kube, som vi vurderar å ta i bruk i læringssituasjonar, kan det hjelpe oss å ta kvalifiserte val ut frå dei måla vi har med læringsarbeidet vårt, men det fordrar og at ein har prøvd ut dei aktuelle programvarene.
Referanser
Søby, M. (2006) Leder Digital Kompetanse VOL. 2, ITU [Internett] Tilgjengelig fra: http://www.itu.no/tidsskrift/1158913510.58
Andre kjelder
Antvort, K. (2009) Tenkeverktøy - DKL102 våren 2009 – Tenkeverktøyemnet - IKT som kognitiv støtte og verktøy for virtuelt støttede læringsprosesser. [Tilgjengeleg frå] https://docs.google.com/a/ga.hivolda.no/Doc?id=dg9r76pg_99hckwsx46
lørdag 7. mars 2009
Speedy Gonsalez!
Var på samling igjen på torsdag 5. og fredag 6. mars. Der var det Google earth og picasa film som var tema. Her laga vi på gruppa i 102 eit eit undervisningsopplegg med ein eksempelfilm til. I tilleg til at vi fekk prøve oss på Sketchup.com og tegna hus. "Huset" mitt ligg som ei fil inne på nettstaden min, men du må ha lasta ned sketchup for å kunne sjå det. Ganske kjekt dette her, men ei tolmodigheitsprøve uten like... Har fått laga min personlege heading på nettsida mi og på nettavis sida mi, og det var faktisk ikkje så vanskeligt i det hele tatt. Hadde eit bilete av auga til eine sonen min som eg lasta opp i picnik redigerte og beskjerte det der for så å laste opp heading på nettavisstaden min, og på nettstaden min redigerte eg berre toppteksten og valget at eg ville ha egendefinert heading! Synest dette passa då det vart personleg pga auge til sonen min, samtidig som eg meinar at ein må ha eit auge til det digitale universet og ikkje berre ta alt for god fisk-vi sakl jo vere kritisk reflekterte mennesker/lærarar som har digital kompetanse. På sammetid så vil aldersgruppa som min son er i verte dei neste unge som skal "kastast" ut i dette universet så det er jo greit å ha dei i tankane og halde eit godt auge med dei slik at vi kan veilede dei på "rett" vei... Men no må eg vel sette opp farta visst eg skal få til å skrive to artiklar til i morgon! God helg everyone! Hakuna matata!
onsdag 4. mars 2009
Sesam, Sesam
Etter å ha lese kapittel 1-3 i boka Generasjon.com av Elise Seip Tønnessen, fann eg ut at eg ville bruke det som bakgrunnsstoff for å reflektere rundt ”Sesam” generasjonen, og dei unge generelt sin digitale arena, sett ifrå min ståstad.
I boka Generasjon.com har Elise Seip Tønnessen tatt for seg utviklinga av den digitale arenaen til den såkalla ”Sesam” generasjonen. Denne generasjonen er representant for å vere først til å ha vokse opp med tv med fleire kanalar som lever på grunn av reklame, samtidig som tilgongen på datamaskiner i heimen og kopling til verdensveven har akselerert i stor fart i barndomen deira. (Tønnessen, 2007)
Dette skapar utfordringar for både foreldre og skule i forhold til korleis ein skal handtere dette. Skal det vere ein fritidsarena og ein skulearena eller skal dette smelte saman? Kan vi i det heile klare å halde desse to arenaene skilt, dersom den 5.grunnleggjande ferdigheita skal kunne realiserast? Har dette noko hensikt? Det finst mange spørsmål, men få svar… Men det er ikkje berre foreldre og skule det er utfordrande for, men det er som regel dei som får mest fokus. Kva med å spørje elevane?
På grunn av denne utviklinga kjem det stadig ny hardware og software som ein må halde seg orientert om, og finne ut korleis det verkar. Brainwaren dette krev er annleis enn det skule og heim har sett på som viktig i oppdragelsen før. Dette har gjort at noko av kompetanseoppbygginga og kunnskapsproduksjonen har blitt flytta til nye arenaer, der dei vennane som kan litt meir blir viktige i forhold til det å hjelpe dei som kan litt mindre. (Tønnessen, 2007)
Når dette er sagt, og vi har den 5. grunnleggjande ferdigheita å halde oss til, så sei det vel seg sjølv at dei unges digitale arena må integrerast og inkluderast i skulen. På denne måten vil ein kanskje kunne jamne ut ulikskapane på dei unges digitale arena, og alle får likare føresetnadar for å kunne halde tritt med samfunnsutviklinga. Det digitale aspektet kan bli ein del av identitetsutviklinga til alle, og kanskje kan ein få ein mindre nyansert sosial status blant dei unge på den digitale arenaen. Dette kan skje ved å etablere digital kompetanse og mediedanning blant dei unge. For at dette skal la seg gjennomføre meinar eg at det må til ei digital oppgradering og oppdatering i den norske skulen. Dette spesielt innanfor kompetanseutvikling, men også infrastrukturen treng seg eit ansiktsløft.
Ved å få til dette kan skulen bli ein stad der dei nære arenaene, som skule, heim og fritidskultur, saman med det samfunnsmessige perspektivet , som globalisering og kommersialisering, blir sett i samanheng med kvarandre. (Tønnessen, 2007) Med dette som eit utgangspunkt trur eg vi har føresetnadar til å skape kritiske og reflekterte samfunnsborgarar som vil kunne ha eit bevist forhold til sin digitale arena både på skule og i fritida, og både globalt og lokalt.
Her er geotagga slideshow....
Referansar:
Tønnessen, E, S (2007) Generasjon.com-Mediekultur blant barn og unge. Oslo:Universitetsforlaget
tirsdag 17. februar 2009
Midtveis i veke 8 og tida går så altfor fort, så ein nesten ikkje noko får gjort...
lørdag 14. februar 2009
Acid, Acid, Acid
fredag 13. februar 2009
Samansatte tekstar
tirsdag 10. februar 2009
Lyd og ting eg ikkje har fått gjort...
Då var M1Dkl102 innlevert så får vi sjå om det går meir enn tre veker før tilbakemelding dukkar opp;-)... Er i full sving med A1DKL104. Det er oppretta samarbeidsmanus og samarbeidsdokument i Google dokumenter i tillegg til dette har vi også brukt Googledoc for å "diskutere". Dette har fungert tilfredsstillande og vel så det, og vi har fått gjort mykje på denne måten! Samstudes har vi brukt både Skype og MSN for å kommunisere. Eg synest kommunikasjonen har fungert veldig bra, men ser at vi kunna grepe fatt i oppgåva på ein litt anna måte ifht fasene i eit prosjekt arbeid, men med de tidspresset det vart i forbindelse med innleveringaar i DKL102, og ny oppgåve der med ei heilt anna gruppe som gjerne vil bli ferdig med M2 før vinterferien, så synest eg det er heilt ok at vi sanka inn stoff for så å forme det til så å forme ei problemstilling som vi faktisk får svar på. For måten vi jobba på gjorde at utfallet kunne gå mange vegar. Det var i allefall alt for lita tid til ei såpass krevande oppgåve! Ein dag var eg og Karete på ein ungdomsskule og hadde gruppeintervju med elevar og lærarar der ang. bruk av sosialweb både på fritid og i skule sammenheng. Trur dette gav mykkje redigeringsmaterial til podcasten vår som skal bli ei slags radioreportasje. Neste dag var det fleire timar med redigering av manus og ta det opp. Dette var tidtrøytande men kjekt arbeid, men igjen hadde vi for dårlig tid for dette skal jo redigerast og bli til ein ferdig podcast. Alt dette arbeidet har gått på bekostning av pensum og andre gjermål som delemneoppgåver som må i bloggen for at ein skal bestå... For meg som ikkje er ein reser på data så er dette meir enn 100% jobb og ryggen er sliten av å site så mykje... Så hadde det ikkje vore for at det er så kjekt å lærerikt som det faktisk er så hadde eg gitt meg på heile greia....
onsdag 4. februar 2009
Midtveis i veke 6
Ja ein kan vel ikkje sei at vi har lite å gjer akkurat! M1 DKL102 har begynt å ta form men litt finpuss er det nok igjen. Spennande og interesang oppgåve, men ein vil så gjerne skrive meir. Kanskje greit å lære å begrense seg litt og. Etter å virkelig ha surfa på nettet begynner eg å få ei lita kjensle av dei massive mengdene som finst tilgjengelig, og alt er slettes ikkje berre bra! Det at mediedanning og nettvett no blir tatt på alvor er berre kjempe bra og på tide..det har ikkje akkurat vore noko førevar policy i denne digitale eksplusjonen som har vore dei siste 10-20 åra! Med så mange ressursar tilgjengeleg, og Kripos som er engasjert med den Røde knappen, håpar eg at nettbrukarar kan gå ei tryggare framtid i møte. Men til sjuande og sist så handlar det vel om dette: "Frågan är inte vilka tekniska filter vi kan installera i datorerna, utan vilka etiska filter vi kan installera i eleverna." (Rask 2000)(Bjorøy, 2009) Det trur iallefall eg er viktig.
Elles har vi på DKL104 fått i oppgåve å lage podcast:
Dere skal som gruppe produsere en podcast innenfor emneområdet mediedanning.
Emneområdet kan tolkes vidt, for eksempel til å inkludere barns og unges digitale hverdag og
personvern/trygghet på Nett.
Her er vi fortsatt i planleggingsfasa, da vi har M1 DKL102 som må bli ferdig først. På mandag hadde vi nettmøte på Skype, og eg fekk til å laste det ned heilt sjøl,men måtte ha litt hjelp frå Elena for å finne igjen Palmela, var faktisk ikkje så veldig vanskelig. Linda er gruppeledar og passar veldig bra til det. Ho har oppretta gruppenettstad og gruppeblogg som vi har delt med heile verda slik at vi kan legge ut podcastae vår der. Med utgangspunkt i oppgåve lyden har i blitt enige om at vi skal sjå på unges digitale kvardag og deira forhold til Nettet, og då spesielt med tanke på personvern. Skal ut på feltet å spørre på ein ungdomsskule neste veke, så då håpar eg berre at eg får låne lydopptakar frå høgskulen! Har og tenkt å lure inn eit spørsmål om elevar og lærarar ser moglegheiter for å bruke sosial web i læringsarbeidet, skal dette skje må jo ein vere enda meir obs på mellom anna personvern, så eigentleg held vi /eg oss/meg innafor oppgåva fortsatt.. Spennande å artig oppgåve iallefall og kanskje eg kan forstå dette med RSS og Feed adresser etter kvart ...forstår kva som skjer, men den tekniske trykke biten får eg ikkje med meg, så då må jo eg igjen berre prise meg heldig som har Karete tilgjengelig.
Pga all oppgåveskrivinga så blir det desverre lite tid til pensum, men satsar på å få tatt litt innimellom... Har komt ny leksjon i DKL102 og om sammensatte tekster, så her er det ingen pust i bakken å få så hei som det går!
Referansar
K, Bjorøy, 2009, Sosial web 2 DKL102 våren 2009. [Tilgjengelig frå] https://docs.google.com/a/ga.hivolda.no/View?docid=dfv52sch_16chxx7dhr
fredag 23. januar 2009
Oppsummering av veke 4
mandag 19. januar 2009
Sjuke barn
Skulle begynne å lære meg med bloggen og nettsida mi i dag med hjelp av Karete, men borna er sjuke så det er begrensa kva eg får gjort så vi har utsett det til i morga så blir det litt pensumlesing i dag istedet for, innimellom konfliktløysing og sårnaser. Skal prøve å få sett litt på mappeoppgåva ikveld, må ha husro når det skal skje eller så blir det lite konsentrasjon. Synest det er eit viktig tema dette med personvern, det blir jo oppretta nye sosiale web mogelegheiter snart kvar dag, å med auka mengd av mobbing meinar eg det er spesielt viktig å ha fokus og auke kunnskapen rundt personvern. Både for oss som lærarar og like viktig, foreldra!
fredag 16. januar 2009
Refleksjonar rundt oppstart
DKL104-medieproduksjon i skulen
Januar
13.01.09 DKL102
Kva:
Har oppretta blogg og nettside, men føler litt på at eg ikkje heilt veit kva eg held på med... Har skrive ein slags artikkel ang Wesch og Selwyn sine syn på potensiale for læring ved bruk av sosial web.
Problem:
Litt vanskelig å halde oversikta og vite om ein gjer ting rett når ein ikkje har gjort slikt før. Dei engelske tekstane var veldig tungleste og vanskelige å forstå, så det var litt begrensa kva eg fekk ut av dei.
Løysing:
Prøvar meg fram, og håpar at noko er rett, følgjer veiledningane, så då må jo noko vere rett? Håper på masse gode råd og tips på samlinga for dette var spennande. Brukte det eg fann av stoff om antropologen og sosiologen for å skrive ein slags (fag)artikkel som fortsatt er under bearbeiding vil eg tru..
14.01.09 DKL104
Kva:
Har oppretta nettstad og blogg felles men alikevel separat for DKL102 og 104, håper dette er okey. Har klart å oppretta ei startside og ei arbeidsmappe, så eg har to av samme sort berre med forskjellige navn, trur ikkje det skal vere slik.
Problem:
Synest det er litt vanskeleg å halde oversikta og ha tunga rett i munnen. Litt usikker på om vi skal skrive slik som dette i det heile på nettstaden, eller om det berre skal vere lenkjer... Plutselig så var det dobbelt opp med nettstad, dei har samme adr. og innheld det samme, men eg har inga aning om korleis det er blitt slik.
Løysing:
Oppretta alt på ein stad for då veit eg i allefall kvar eg har ting, Føler og at det er litt meir struktur her enn det eg hadde før jul i arbeidsmappa der. Skal og prøve å strukturere ting etter delemne, så håper eg vi lærer mykje på samling og at eg blir tryggare på å navigere meg fram i dette universet. Ang dobbelsidig nettstad ventar eg til samling og spør kva eg skal gjer.
tirsdag 13. januar 2009
Selwyn og Wesch
I dagens samfunn, der digitale media og medium i stor grad er integrert i dei fleste instansar, blir den sosiale webben eit slags biprodukt, som alle kan bli introdusert for, og kan benytte seg av når og kvar dei vil, så lenge dei har tilgong på eit digitalt medium som er på nett. Faktisk så er det slik at ut frå Petter Bae Brandtzæg(H, Hårstad, 2008)(1) sine undersøkingar så nyttar 53% av norske nettbrukkarar i alderen 15-75 år seg av nettsamfunn. Brandtzæg har studert over 5000 nettsamfunn brukarar og han kunne identifisere dei ned i fem ulike brukar typar: dei sporadiske-brukarane, debatt-brukarane, sosialisering brukarane, time-killerne og dei aktive. Den største gruppa var dei han kalte ”time-killers”, og direkte oversatt er dei på nett for å slå ihjel tid, og desse bidrege lite til prokuksjon av noko innhold. Den gruppa som er interessant i forhold til tema sosialweb og som danna den nest største gruppa, var sosialisering brukarane. Denne gruppe består for det meste av tenåringar (mest jenter) som brukar nettsamfunnet til å ha kontakt med venner og kjente.
Geir Ellingsrud er rektor ved Universitetet i Oslo. På konferansen ”Sosial web og læring” sa han at eksisterande nettsamfunn betyr mykje som sosiale møtestadar, og at tre av fire ungdomar brukar sosiale nettsteder. Med dette til grunn spør han Kunnskapsministeren Bård Vegar Solfjell, kva dette kan ha å seie for skule og utdanning. Kunnskapsministeren meiner sosial web kan vere eit viktig verkty for at skulen skal bli ein meir praktisk og virkelegnær skule slik at fleire elevar kan lykkast, og medvirke til at IKT blir ein naturleg del av skulekvardagen.
(H, Hårstad, 2008)(2)
Med utgangspunkt i dette vil eg trekkje inn antropologen Michael Wesch og sosiologen Neil Selwyn sine synspunkt om sosial web. Michael er den med det mest liberale synet på bruk av sosial web for å fordre læring ved å stille dei "gode" spørsmåla som kun kan besvarast med nye spørsmål. På denne måten hevdar Wesch at med å stille desse spørsmåla og sjå det heile i eit større perspektiv kan den sosiale webben vere eit verkty med potensiale for både læring og det å finne igjen betydninga av kva kunnskap og danning betyr for oss som mennesker. (M, Wesch, 2008) Selwyn er meir kritisk og minst liberal av desse to "forskarane", og synet på sosial web er i mine auge noko snevrare en Wesch sitt. Selwyn meinar at det uformelle potensialet for læring er til stades, men at det er verre med den formelle læringa. Spørsmål om sosial web kan brukast i formelle læresituasjonar stiller han seg kritisk til då han meinar det er eit stort gap mellom aktivitetane formell undervising og sosial web. (H, Hårstad, 2008)(3) Her er kanskje den største skilnaden mellom desse to. Wesch brukar dei ulike sosiale webbane som eit verkty for at elevane skal kunne bidra til å skape sin eigen nye kunnskap, og på denne måten skape en ny form for læring som elevane engasjerer seg i, samtidig som det foregår ein sosialiseringsprosess og på tvers av dette finn elevane ut kva som har betydning i livet deira. Selwyn ser berre det sosiale aspektet, og det er jo og viktig lærdom, men å koble teknologi og undervisning er han kritisk til og seier at dersom samarbeid og undervising på sosial web skal kunne skje må måla for undervisinga vere klare, for meistring av sosiale nettverksamfunn hjelper lite dersom det går utover dei basale grunnferdigheitene. (H, Hårstad, 2008)(3) Men då gjer eg som Wesch og spør; må vi alltid vite kva vi skal lære før vi lærer det? Wesch har vel bevist at dette strengt tatt ikkje er nødvendig, då han lot elevane bruke sine basale ferdigheiter til å skape ny kunnskap med bruk av sosial web som verkty utan å vite kva resultatet skulle bli. Så då undrast eg som lærar, med læreplanar hengande over hovudet, kva med litt av begge delar? Det treng kanskje ikkje vere enten eller, men målet må vel først og fremst vere å få elevane til å ønskje å ville lære igjen for å nå dei faglege måla...?
Referanser
H, Hårstad, Hvilken type nettsamfunnsbruker er du? ITU:16.10.08. [Tilgjengelig frå] http://www.itu.no/Nyheter/1224159645.86 [Lasta ned 13.01.09](1)
H, Hårstad, Sosial web, et potensielt utdanningsverktøy. ITU:16.10.08. [Tilgjengelig frå]
http://www.itu.no/Nyheter/1224155942.08 [Lasta ned 13.01.09](2)
H, Hårstad, Har sosial web et utdanningspotensial? ITU:20.10.08 [Tilgjengelig frå] http://www.itu.no/Nyheter/1224493677.04 [Lasta ned 13.01.09](3)
M, Wesch, Anti-teaching:Confronting the crisis of significance. [Tilgjengeleg frå] http://www.cea-ace.ca/media/en/AntiTeaching_Spring08.pdf [Lasta ned 13.01.09]