onsdag 29. april 2009
Kjempe lurt!
Veit dette er i siste liten, men ville berre sei ifrå! Dersom du ikkje har fått nokon til å sjå på Bloggen og Nettsatden din, så er det lurt å gjere det no! Eg hadde masse som funka tilsynelatande greit hos meg, fordi at eg hadde tilgong til det....Når så andre skulle inn å kikke så var det ikkje alt som var ok! Eg hadde til dømes gjort den kjempe tabba å ikkje publisere ein del dokument på Googledoc;-)... Noko som dykk sikkert forstår, resulterte i at andre ikkje hadde tilgang til dette der eg hadde lenkja til desse sidene...Trur det meste skal vere fiksa no...Har og fått rydda opp i etikettane mine slik at det ikkje vart så utrulig mange, samstundes som eg har fått lenkja direkte til det aktuelle blogginnlegget i forhold til det aktuelle delemnet istedet for rett til bloggen. Det ville jo blitt litt uryddig og vanskelig å finne fram til den korrekte teksten... Har brukt snart to dager +- på dette og trur og håper eg er nokolunde i mål....Så er det berre å vente på dommen ;-) Lærerikt har det iallefall vore, og eg føler eg har mykje å ta med meg på vegen vidare....
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Da fikk eg lest M3, ja! Stoffet blir presentert på en oversiktlig og struktrurert måte, med tydelig og god begrunnelse, og du har (som vanlig) vært flink til å henvise til pensumstoff.
SvarSlett