tirsdag 17. februar 2009
Midtveis i veke 8 og tida går så altfor fort, så ein nesten ikkje noko får gjort...
Da var altså A1 levert i DKL 104, og vi får eit lite pust i bakken før vi får A2. Resultatet på A1 vart vel ikkje heilt slik som vi hadde tenkt eller trudde det ville bli, men korleis kan det bli det når ein aldri har gjort dette før og ein får altfor lita tid til å utforske og boltre seg på dette spennande området? Alt i alt under dei forutsetningane vi hadde så synest eg det vart eit ok produkt. For oss som tar 60 stp så betyr pust i bakken at vi "berre" jobbar med ei mappeinnlevering. Mappeoppgåve 2 i DKL 102 er ei gruppe oppgåve. Gruppa har komt ganske godt i gang med oppgåva då det var eit mål å vere ferdig med store delar av oppgåva iløpet av denne veka, då mange vil ha vinterferie! Vi er seks medlemmar i gruppa, og eg synest det er noko uoversikteleg å arbeide på denne måten, ein får aldri pratast/treffast alle på gruppa, og då dei fleste jobbar på dagtid er eg for det meste einsam i dokumenta på dagtid, og på ettermiddag/kveld har eg borna mine. Men det er vel slik det er å jobbe i grupper over nett?? Det følest ikkje så veldig sosialt... men men det er i allefall problemfritt å redigere i dokumenta ;-)! Skrivegrensa var på under 1000 ord pr.person på gruppa, så eg har snart brukt opp kvota mi.... får eventuelt redigere litt dersom dokumentet skulle bli for langt...Så kan eg kanskje ta meg litt tid til delemneoppgåver og pensum som eg alltid er på etterskudd med...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar