Sesam generasjonens digitale arena
Etter å ha lese kapittel 1-3 i boka Generasjon.com av Elise Seip Tønnessen, fann eg ut at eg ville bruke det som bakgrunnsstoff for å reflektere rundt ”Sesam” generasjonen, og dei unge generelt sin digitale arena, sett ifrå min ståstad.
I boka Generasjon.com har Elise Seip Tønnessen tatt for seg utviklinga av den digitale arenaen til den såkalla ”Sesam” generasjonen. Denne generasjonen er representant for å vere først til å ha vokse opp med tv med fleire kanalar som lever på grunn av reklame, samtidig som tilgongen på datamaskiner i heimen og kopling til verdensveven har akselerert i stor fart i barndomen deira. (Tønnessen, 2007)
Dette skapar utfordringar for både foreldre og skule i forhold til korleis ein skal handtere dette. Skal det vere ein fritidsarena og ein skulearena eller skal dette smelte saman? Kan vi i det heile klare å halde desse to arenaene skilt, dersom den 5.grunnleggjande ferdigheita skal kunne realiserast? Har dette noko hensikt? Det finst mange spørsmål, men få svar… Men det er ikkje berre foreldre og skule det er utfordrande for, men det er som regel dei som får mest fokus. Kva med å spørje elevane?
På grunn av denne utviklinga kjem det stadig ny hardware og software som ein må halde seg orientert om, og finne ut korleis det verkar. Brainwaren dette krev er annleis enn det skule og heim har sett på som viktig i oppdragelsen før. Dette har gjort at noko av kompetanseoppbygginga og kunnskapsproduksjonen har blitt flytta til nye arenaer, der dei vennane som kan litt meir blir viktige i forhold til det å hjelpe dei som kan litt mindre. (Tønnessen, 2007)
Når dette er sagt, og vi har den 5. grunnleggjande ferdigheita å halde oss til, så sei det vel seg sjølv at dei unges digitale arena må integrerast og inkluderast i skulen. På denne måten vil ein kanskje kunne jamne ut ulikskapane på dei unges digitale arena, og alle får likare føresetnadar for å kunne halde tritt med samfunnsutviklinga. Det digitale aspektet kan bli ein del av identitetsutviklinga til alle, og kanskje kan ein få ein mindre nyansert sosial status blant dei unge på den digitale arenaen. Dette kan skje ved å etablere digital kompetanse og mediedanning blant dei unge. For at dette skal la seg gjennomføre meinar eg at det må til ei digital oppgradering og oppdatering i den norske skulen. Dette spesielt innanfor kompetanseutvikling, men også infrastrukturen treng seg eit ansiktsløft.
Ved å få til dette kan skulen bli ein stad der dei nære arenaene, som skule, heim og fritidskultur, saman med det samfunnsmessige perspektivet , som globalisering og kommersialisering, blir sett i samanheng med kvarandre. (Tønnessen, 2007) Med dette som eit utgangspunkt trur eg vi har føresetnadar til å skape kritiske og reflekterte samfunnsborgarar som vil kunne ha eit bevist forhold til sin digitale arena både på skule og i fritida, og både globalt og lokalt.
Her er geotagga slideshow....
Referansar:
Tønnessen, E, S (2007) Generasjon.com-Mediekultur blant barn og unge. Oslo:Universitetsforlaget
onsdag 4. mars 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar