mandag 20. april 2009

Livet går vidare og eksamenane nærmar seg....

Da er alle mappeoppgåver og arbeidskrav ferdige og innleverte....Desse kan du ta ein nærmare kikk på her om du vil, så da gjennstår det berre å vente på resultata på dei siste innleveringane så ein veit ein får gå opp til eksamen. Dette gjeld jo spesielt DKL102 der vi skal levere mappeeksamen, har jo nesten god tid på den då ein berre skal reflektere litt over kvifor ein vel dei to oppgåvene ein vel...Det vansklige her er å klare å bestemme seg for kva ein skal velje..

Når det gjeld DKL104 er det litt meir å gjer. No er prosjektplanen ferdig og innlevert, så då er det rettleiar vi ventar på. Ifølgje tidsskjema skulle vi vel få utdelt ein i dag! Så då er det vel berre å ta til på resten av arbeidet så vi kjem i mål med eksamensprodukt og rapport til 12. mai....og finne ut korleis vi skal forberede oss til muntelig den 19.mai. Spørs om tilstedeværelsen vil være heilt på topp 17.mai som vi er så gla i! ;-) Prøver å ikkje tenkje så mykje på akkurat det enda...no vil vi berre ha klar signal frå rettleiar slik at det er berre å sette i gang med siste innspurt.... Så satsar vi på at vi får god hjelp til å komme i gang på siste DKL104 samlinga.

Mens ein ventar har eg prøvd å fylle ut hulla i blogg/logg/nettsida mi for at alle delemna skal vere representert, og trur no at eg er nokon lunde i mål!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar