søndag 19. april 2009

Arbeidskrav 3

Ja då var det endelig gjort! Har levert A3 og publisert filmen min! Må sei det er fole rart å sjå seg sjølv på film og vite at mange andre og kan sjå det... Har knota mykje, og refleksjonane var ferdige lenge før filmen. Har ein bråte med idear, men trur eg må "øve" meg ein liten stor haug til før eg er klar til å bruke det i undervisning. Kunne ønske det tekniske ramla meg inn meir naturleg, for dei det gjer det med går det unna i ein sveidrei... og med meg tek slike ting litt meir tid. Redigering er for dei som har ei god tolmodigheit, eller som er fingernem og gjerne med tilgong på litt bedre verkty. Dette er jo ikkje alltid like motiverande når ein ikkje har verdas største tålmod! ;-) Men eg har klart det og er ganske nøgd. Med tanke på at dette er første filmen eg har laga heilt sjølv, knapt har filma før og kameraet var eit 6 års gammalt Sony av den enklaste utgave, så er det jo begrensa kva ein kan få til... Ser at panoreringane og tiltane mine ikkje er heilt stødige, og at overgangane ikkje flyt like godt heile vegen i filmen, men ein må vel ikkje få til alt på "første" forsøk...Samstundes er filmen bitte litt i lengste laget, men håpar at det går bra.. Må no berre vente i spenning til "dommen faller" ein gong før 12.mai...då er det eksamens innlevering og ein får ikkje gå opp til eksamen utan at alle arbeidskrava er godkjende..

Her er forresten filmen vi laga når vi var på "filmsamling".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar