tirsdag 10. februar 2009

Lyd og ting eg ikkje har fått gjort...

Veke 7 er i gang...og nesten over....

Då var M1Dkl102 innlevert så får vi sjå om det går meir enn tre veker før tilbakemelding dukkar opp;-)... Er i full sving med A1DKL104. Det er oppretta samarbeidsmanus og samarbeidsdokument i Google dokumenter i tillegg til dette har vi også brukt Googledoc for å "diskutere". Dette har fungert tilfredsstillande og vel så det, og vi har fått gjort mykje på denne måten! Samstudes har vi brukt både Skype og MSN for å kommunisere. Eg synest kommunikasjonen har fungert veldig bra, men ser at vi kunna grepe fatt i oppgåva på ein litt anna måte ifht fasene i eit prosjekt arbeid, men med de tidspresset det vart i forbindelse med innleveringaar i DKL102, og ny oppgåve der med ei heilt anna gruppe som gjerne vil bli ferdig med M2 før vinterferien, så synest eg det er heilt ok at vi sanka inn stoff for så å forme det til så å forme ei problemstilling som vi faktisk får svar på. For måten vi jobba på gjorde at utfallet kunne gå mange vegar. Det var i allefall alt for lita tid til ei såpass krevande oppgåve! Ein dag var eg og Karete på ein ungdomsskule og hadde gruppeintervju med elevar og lærarar der ang. bruk av sosialweb både på fritid og i skule sammenheng. Trur dette gav mykkje redigeringsmaterial til podcasten vår som skal bli ei slags radioreportasje. Neste dag var det fleire timar med redigering av manus og ta det opp. Dette var tidtrøytande men kjekt arbeid, men igjen hadde vi for dårlig tid for dette skal jo redigerast og bli til ein ferdig podcast. Alt dette arbeidet har gått på bekostning av pensum og andre gjermål som delemneoppgåver som må i bloggen for at ein skal bestå... For meg som ikkje er ein reser på data så er dette meir enn 100% jobb og ryggen er sliten av å site så mykje... Så hadde det ikkje vore for at det er så kjekt å lærerikt som det faktisk er så hadde eg gitt meg på heile greia....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar