fredag 23. januar 2009
Oppsummering av veke 4
Pust å pes!? Iallefall litt. All ros til dei som klarar å jobbe ved sida av sjølv om dei fleste av dei tek 30 stp og ikkje 60, men det er vel slik det er å vere fulltidsstudent... Spennande er det i allefall. No har eg fått skrive begge innlegga både til 102 og 104. Litt meir forståeleg lesnad i Vettenrata si bok når ein ikkje er ein resar på engelsk! ;-) Samstundes var dette og veldig interessangt så eg ser faktisk fram til vidare lesnad. Dersom alt pensum var slik skulle det vere berre stas å studere... Har elles nesten fått lest ut Norskboka.no. Den var super lettlest og ei forholdsvis god handbok for oss som ikkje er heilt oppdatert på den digitale fronten, spesielt når det gjeld sosial web. Trur eg kjem til å bla opp i den meir en ein gong når eg får meir tid til å "leike" meg, og forhåpentlegvis byrjar å bli tryggare på det digitale sosialpedagogiske universet.. Lot meg friste til å pytte på litt fleire gadeta på bloggen min, så når det no blir vanskeleg eller eg treng ei lita latterpause er det berre å ta ein kik på morrofilmsnuttane frå YouTube, eller vere litt meir reflektert og seriøs å lese litt innanfor digitale nyhende.. No håpar eg berre at RSS en kjem seg opp å går igjen, elles så må eg få lagt blogginnlegga mine til nettstden opp igjen på nytt, men det er kanskje like bra for eg hugsar nesten ikkje korleis eg gjer det! Kanskje vi kan skifte RSS ein gong i veka slik ein er sikker på at ein kan det til slutt! ;-) God helg til den som måtte lese dette! No skal eg pakke og gjer meg klar til å reise på Nike convention i Oslo! Ei heile helg med trening! Det skal bli deilig! Tudelu!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar