Eg vil her gjenta det Geir Ellingsrud, som er rektor ved Universitetet i Oslo, sa på konferansen ”Sosial web og læring” . Han sa at eksisterande nettsamfunn betyr mykje som sosiale møtestadar, og at tre av fire ungdomar brukar sosiale nettstadar. (H, Hårstad, 2008) Med dette som utgangspunkt synest eg at det seier seg sjølv at vi som pedagogar må få til ein likeverdig dialog med elevar. Dette må handle om korleis vi kan bruke deira arenaer for å skape kompetanse og læring, og vi må forstå at tida for den monologe formidlinga av kunnskap er forbi. Her må vi starte eit dialektisk samarbeid som byggjer på likeverd, gjensidig reskpekt og forståelse for kvarandre. Kanskje då synest elevane at det blir det meiningsfylt å "lære" igjen, og læraren kan føle at nokon høyrer på og bryr seg om og er bevisste på framtida si både iforhold til seg sjølv, vennekretsen, familia og ikkje minst globalt.
Vettenranta (Vettenranta et al., 2007) stiller mange gode spørsmål; Kva påverknad har digital kommunikasjon på dei unge i den supermoderne tidsalder? Tapar den mellommennesklege kontakt terreng ovanfor den teknologiske kvasi-interaksjon? Gjer globalisering oss meir like, eller blir vi gjennom dei ulike mediuma meir bevisste på at vi er forskjellege? Mi meining er: mykje, ja og nei og det kjem an på. Det er nesten umogeleg å ikkje la seg påverke av den digitale kommunikasjonen, sjølv eg gjer det! Det viktige her er at mediepedagogikken kan tilby reiskapar slik at ein kan forstå globaliseringa av verden som kjem fram i mediuma. Med analytisk og og kritisk refleksjon kan elevane utvikle sine medieerfaringar til eit reiskap som kan brukast i arbeidet med å oppdra til eit demokratisk borgarskap. (Vettenranta et al., 2007) Den mellommenesklege kontakten trur eg kan miste terreng dersom ein ikkje har eit kritisk reflektert forhold til sitt forbruk av ulike medier. Her meinar Vettenranta
(Vettenranta et al., 2007) at eit grunnlegjande spørsmål må vere korleis mediekulturen kan bidra til at dei unge utviklar seg til balanserte, sosialt ansvarlege og konstruktivt kritiske handlande individ. Vidare meiner han at evna til å beherske utstyr må fylgjast opp ved å spørje kva oppfatning av røyndomen vi ønskjer å fremme ved hjelp av informasjons- og kommunikasjonsteknologien. Når det gjeld det siste spørsmålet trur eg det kan komme veldig an på den enkelte sin "bagasje", haldningar og forholdet ein har til moral, etikk og ansvar, og her meinar eg at vi som pedagogar har ei viktig rolle som vi må ta tak i.
Vi bør bevisstgjøre elevene om mediekulturens og danningens samfunnsmessige og politiske koblinger. Det overordnende målet for mediepedagogikken må være å utvikle både lærerens og elevenes selvinnsikt for å kunne arbeide for en mer rettferdig verden. (Vettenranta et al., 2007, s.31)Ser vi dette saman med det Svein Østerud (Vettenranta et al., 2007) skriv om at vi må vurdere forutsetningane informasjonsteknologien byggjer på, er det viktig å reflektere over kva verdival det inneber å bruke slik teknologi. Elevane må få aktivt arbeide med dei ulike media, få trene på å bruke dei og få foreta val og vurderingar. Undervisinga må vektleggje å fremme ei sjølvstendig kritisk haldning til massemedia, samstundes som elevane får lære å vere åpne for nye tankar og mogelegheiter til å bruke media under ansvar og til positive formål. Utfrå dette er det heilt klart at Østerud og Vettenranta er ganske så einige. Utover dette seier Østerud at det manglar ein teori i plandokumenta om korleis mennesker tek i bruk teknologien med eit bestemt forsett, og korleis vi delvis formar verkelegheita og delvis oss sjølv gjennom vår teknologibruk. Han gjer reie for ein sosiokulturell teori for at vi skal kunne gripe dynamikken i forholdet mellom oss sjølv, teknologien og verda. Her blir Vygotsky sitt begrep om mediering (Vettenranta et al., 2007) og "new literacy" sett saman og handlar om at ein må kunne analysere dei konkrete sosiale praksisane dei unge involverar seg i, og finne dei ressursane som trengs for å handle kompetent i kvart enkelt tilfelle.
Etter å ha lest desse to kapitla tenkjer eg at læreplanar må endrast for å integrere IKT på ein bedre måte som korospondrear med samfunnet i notid, og vi må finne nye måtar å søkje kompetanse på, enn typisk analog formidling. Pedagogikken, og med det didaktikken og etikken, har eg fått med meg i bagasjen min i lærarutdanninga og elles i livet. Eg ser at dette må flettast saman med IKT å bli til mediepedagogikk og dette er veldig lærerikt og interessant. Samstundes må det seiast at for ei som har pedagogikk og etikk nærmast sitt hjerte, og synest den biten fell heilt naturleg på plass likestilt med at ein føler seg ganske så analfabet med alt som angår tekniske/ digitale verkty, hadde ein nok ei litt for stor forventning til at ein skulle lære meir konkret om alle dei tilgjengelege media, verkty eller artefakta(kjært barn har mange namn) som finst i denne digitale verda. På denne måten kunne ein kanskje få ei betre kjensle av at ein visste kva ein holdt på med når ein skulle dele dette med framtidas borgarar, og veilede dei til konstruktiv, kritisk og reflektert bruk, og ikkje mediedysleksi, av dei "tinga" som fungerar som katalysator på globaliseringa. Soleis kunne ein kanskje få vere med på prosessen til å gjere dei til medansvarlege borgarar for at verda vart til ein bedre stad å bu ein gong i nærmaste framtid, for danninga kjem til undervegs i prosessen så lenge ein tek ansvar, er kritisk reflektert og har funne si medmenneklege forankring i pedagogikken og formidlar dette gjennom sin personlegdom.
Referansar
H, Hårstad, Sosial web, et potensielt utdanningsverktøy. ITU:16.10.08. [Tilgjengelig frå]
http://www.itu.no/Nyheter/1224155942.08 [Lasta ned 21.01.09]
S, Vettenranta et al., 2007. Mediedanning og mediepedagogikk - Fra digital begeistring til kritisk dømmekraft. Gyldendal Akademisk:1.utg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar