torsdag 19. mars 2009

Web 2.0-verkty


(Bilete frå Informasjonskompetanse2-leksjonen, redigert i Picnik.)

I denne figuren over ser du nokre av de viktigste web 2.0-verktøyene som alle har eit pedagogisk potensiale ved seg. Ta ein grundig kikk på dei.

* Kva for nokre brukar du i dag?
* Kva for nokre har du høyrt om?
* Korleis kan dei brukast inn mot elevane si læring?

Eg kan berre tale for meg sjølv, men eg må sei det er ganske tankjevekkande å sjå kor mange av desse eg berre så vidt har høyrt om, men ikkje har noko aning om korleis virkar... Når 3 av 4 unge brukar web 2.0- verktøy trur eg det er viktig at vi som lærarar har kjennskap til mykje av det som eksisterar innanfor denne "sjangeren". Dette for å få betre mogelegheiter til å vite og forstå kva dagens unge held på med, og samstundes kunne dra nytte av denne kjennskapen i større grad for å planleggje, tilretteleggje og tilpasse undervisninga. På denne måten trur eg at både dei unge og lærarane vil finne undervisning og kompetanseutvikling både meir meiningsfull, meir fleksibel, med større moglegheiter for variasjon og at læringsprosessane blir meir i tråd med samunnsutviklinga.

Når det gjeld meg og dette tankekartet, så har eg som sagt hørt om nesten alle, og eg har iallefall hørt om nokre innanfor kvar hovudgruppe. Når det er snakk om kva eg brukar, så brukar eg nok ikkje verkty innanfor kvar hovudgruppe. Når det gjeld video, så har eg vore mykje inn på YouTube å kikka, og eg har høyrt om Googles video, men eg har ikkje laga noko sjølv for så å leggje det ut. Må vere stas for elevane å få lage eigne filmar for så å publisere dei til dømes på YouTube så lenge ein har eit bevisst forhold til personvern og opphavsrett. Samstundes så tykkjer eg at YouTube kan vere ein stad å "øve opp" elevane sin mediekritiske kompetanse, då det meste blir publisert her, og elevane må ha eit kritisk forhold til dette og ikkje ta alt for god fisk.

Når det gjeld lyd, så har vi gjennom Dkl studiet fått prøvd å lage podcast. Resultatet fin du her. Dette trur eg kan brukast på ymse vis i ulike læringsprosessar. Til dømes kan elevane lage faglege radioreportasjer innanfor ulike emne, som eit alternativ for veggavisa eller vanleg kateterframføring, eller kanskje kan dei lage eit reklameinnslag for heimstaden sin.

Bokmerkeverktya har eg hørt mykje om, men har desverre ikkje komt meg i gang med å bruke dei, men eg ser at dette er ein god måte å ta vare på gode nettstadar, bloggar og ymse anna som har nytteerdi i seg til seinare eller som ein berre finn interessangt og vil komme tlbake til seinare og som ikkje har RSS tilgang.

Tankekart har eg brukt ein del, og eg har prøvd både freemind og mindomo og synest dette er ein god måte å strukturere og forenkle læring på. Dette trur eg er mange elevar og som tykkjer. Når ein i tillegg kan lagre dette på nett, dele det med andre over nett og samarbeide på samme tankekart på nett gir dette nye moglegheiter og potensiale for auka læringsutbytte og samarbeidslæring.

Med dagens produksjon av samansatte tekstar, er det fole greitt å ha ein plass å lagre å hente bilete frå. Sjølv har eg Picasa og ser store potensiale her. Det som blir viktig å ta hensyn til her er opphavsrett og personvern i forbindelse med å bruke andre sine bilete, eller det å publisere bilete av andre. Her har flickr ein flott ressurs som heiter cc. Creative commons er bilete som andre har "gitt" frå seg slik at alle kan bruke dei utan a ein må ta hensyn til personvern og opphavsrett.
Blogg, Wiki og Google doc`s er alle tekstverkty på nett. Eg brukar for tida både den første og siste, og ser stort læringspotensiale i begge to. Blogg kan ein bruke i alle fag, eller innanfor ulike tema i ulike fag. Fagblogg eller temablogg kan vere ein plass der elevane skal publisere eller dele sin eigenskapte kunnskap, noko som eg trur må vere meir meiningsfylt enn å heile tida lese pensumboka, kvifor ikkje lage sin eigen pensumblogg på nett? Når det gjeld Google dok`s er dette eit godt verkty for å samarbeide på samme tid på nett. Med dette verktyet kan ein site i kvar sin heim å samarbeide med lekser, ein kan samarbeide på tvers av skular, på tvers av fylker og landegrenser, og samarbeid har nådd ein heilt ny dimensjon...

Atom og Rss er vel det eg fortsatt føler meg mest usikker på..Forstår korleis det funkar og eg tykkjer det er heilt genialt, men samstundes så føler eg ikkje at eg heilt veit kva rg held på med når eg held på med dette. Kanskje det blir for abstrakt eller høgtsvevande..;-)? Genialt er det i allefall. Ved å til dømes bruke Netvibes så kan ein lage sin eigen base for relevant informasjon ifht ulike fag, interesser eller andre ting, og ved då å sette Rss på desse så får ein beskjed om når det dukkar opp nye ting. Informasjonen kjem til oss istedet for at vi må leite etter den. Utfordringa blir kanskje før ein har fått etablert dette, det å finne det ein vil abonnere på i den store www`n, men den som leitar vil vel finne....

Den siste store gruppa, trur eg er den som blir mest brukt blant dei unge, og minst på skulen...I allefall formelt sett under lærarstyring. kanskje er dette like greit når dette er den "nye" sosiale arenaen for dei unge og at det kanskje ikkje er så interessangt for dei unge å dele denne arenaen med lærarane...Sjølv er eg med i Facebook og synest dette er ein super måte å halde kontakt med vennar på. Ser eit potensiale i å bruke dette som ein kommunikasjonsplass mellom lærarar og elevar på ulike vis. Men samstundes så er eg veldig usikker på dette,og med ein god og funksjonell LMS vil dette kunne fungere flott som ein kommunikasjonskanal mellom elevar,lærarar og foreldre. Ein annan faktor som vil vere like så viktig med dei unges bruk av sosiale nettverk er etablering av nett vett og med det mediekritisk kompetanse. Kanskje kan ein bruke dei sosiale nettverka for å etablere dette. Ikkje ved å innta denne arenaen til dei unge, men gjennom samtale, kritisk reflektering og bevisstgjering av dei unges måte å oppføre seg på i den verkelege verda, kontra den digitale...
Med å gi elevane:
-ansvar, for eg sjølv, sine medelevar og samfunnsutviklinga
-innblikk i konsekvensar dersom ein ikkje tek dette ansvaret
-tru på dei som individ, medelevar og samfunnsborgarar

trur eg at dei sosiale nettverka kan bli ein viktig faktor i sosialiseringa i dagens samfunn, og det er vel den viktigaste læringsprosessen av dei alle....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar