DKL102-didaktisk bruk av IKT
DKL104-medieproduksjon i skulen
Januar
13.01.09 DKL102
Kva:
Har oppretta blogg og nettside, men føler litt på at eg ikkje heilt veit kva eg held på med... Har skrive ein slags artikkel ang Wesch og Selwyn sine syn på potensiale for læring ved bruk av sosial web.
Problem:
Litt vanskelig å halde oversikta og vite om ein gjer ting rett når ein ikkje har gjort slikt før. Dei engelske tekstane var veldig tungleste og vanskelige å forstå, så det var litt begrensa kva eg fekk ut av dei.
Løysing:
Prøvar meg fram, og håpar at noko er rett, følgjer veiledningane, så då må jo noko vere rett? Håper på masse gode råd og tips på samlinga for dette var spennande. Brukte det eg fann av stoff om antropologen og sosiologen for å skrive ein slags (fag)artikkel som fortsatt er under bearbeiding vil eg tru..
14.01.09 DKL104
Kva:
Har oppretta nettstad og blogg felles men alikevel separat for DKL102 og 104, håper dette er okey. Har klart å oppretta ei startside og ei arbeidsmappe, så eg har to av samme sort berre med forskjellige navn, trur ikkje det skal vere slik.
Problem:
Synest det er litt vanskeleg å halde oversikta og ha tunga rett i munnen. Litt usikker på om vi skal skrive slik som dette i det heile på nettstaden, eller om det berre skal vere lenkjer... Plutselig så var det dobbelt opp med nettstad, dei har samme adr. og innheld det samme, men eg har inga aning om korleis det er blitt slik.
Løysing:
Oppretta alt på ein stad for då veit eg i allefall kvar eg har ting, Føler og at det er litt meir struktur her enn det eg hadde før jul i arbeidsmappa der. Skal og prøve å strukturere ting etter delemne, så håper eg vi lærer mykje på samling og at eg blir tryggare på å navigere meg fram i dette universet. Ang dobbelsidig nettstad ventar eg til samling og spør kva eg skal gjer.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar