Selwyn eller Wesch eller ja takk begge deler?
I dagens samfunn, der digitale media og medium i stor grad er integrert i dei fleste instansar, blir den sosiale webben eit slags biprodukt, som alle kan bli introdusert for, og kan benytte seg av når og kvar dei vil, så lenge dei har tilgong på eit digitalt medium som er på nett. Faktisk så er det slik at ut frå Petter Bae Brandtzæg(H, Hårstad, 2008)(1) sine undersøkingar så nyttar 53% av norske nettbrukkarar i alderen 15-75 år seg av nettsamfunn. Brandtzæg har studert over 5000 nettsamfunn brukarar og han kunne identifisere dei ned i fem ulike brukar typar: dei sporadiske-brukarane, debatt-brukarane, sosialisering brukarane, time-killerne og dei aktive. Den største gruppa var dei han kalte ”time-killers”, og direkte oversatt er dei på nett for å slå ihjel tid, og desse bidrege lite til prokuksjon av noko innhold. Den gruppa som er interessant i forhold til tema sosialweb og som danna den nest største gruppa, var sosialisering brukarane. Denne gruppe består for det meste av tenåringar (mest jenter) som brukar nettsamfunnet til å ha kontakt med venner og kjente.
Geir Ellingsrud er rektor ved Universitetet i Oslo. På konferansen ”Sosial web og læring” sa han at eksisterande nettsamfunn betyr mykje som sosiale møtestadar, og at tre av fire ungdomar brukar sosiale nettsteder. Med dette til grunn spør han Kunnskapsministeren Bård Vegar Solfjell, kva dette kan ha å seie for skule og utdanning. Kunnskapsministeren meiner sosial web kan vere eit viktig verkty for at skulen skal bli ein meir praktisk og virkelegnær skule slik at fleire elevar kan lykkast, og medvirke til at IKT blir ein naturleg del av skulekvardagen.
(H, Hårstad, 2008)(2)
Med utgangspunkt i dette vil eg trekkje inn antropologen Michael Wesch og sosiologen Neil Selwyn sine synspunkt om sosial web. Michael er den med det mest liberale synet på bruk av sosial web for å fordre læring ved å stille dei "gode" spørsmåla som kun kan besvarast med nye spørsmål. På denne måten hevdar Wesch at med å stille desse spørsmåla og sjå det heile i eit større perspektiv kan den sosiale webben vere eit verkty med potensiale for både læring og det å finne igjen betydninga av kva kunnskap og danning betyr for oss som mennesker. (M, Wesch, 2008) Selwyn er meir kritisk og minst liberal av desse to "forskarane", og synet på sosial web er i mine auge noko snevrare en Wesch sitt. Selwyn meinar at det uformelle potensialet for læring er til stades, men at det er verre med den formelle læringa. Spørsmål om sosial web kan brukast i formelle læresituasjonar stiller han seg kritisk til då han meinar det er eit stort gap mellom aktivitetane formell undervising og sosial web. (H, Hårstad, 2008)(3) Her er kanskje den største skilnaden mellom desse to. Wesch brukar dei ulike sosiale webbane som eit verkty for at elevane skal kunne bidra til å skape sin eigen nye kunnskap, og på denne måten skape en ny form for læring som elevane engasjerer seg i, samtidig som det foregår ein sosialiseringsprosess og på tvers av dette finn elevane ut kva som har betydning i livet deira. Selwyn ser berre det sosiale aspektet, og det er jo og viktig lærdom, men å koble teknologi og undervisning er han kritisk til og seier at dersom samarbeid og undervising på sosial web skal kunne skje må måla for undervisinga vere klare, for meistring av sosiale nettverksamfunn hjelper lite dersom det går utover dei basale grunnferdigheitene. (H, Hårstad, 2008)(3) Men då gjer eg som Wesch og spør; må vi alltid vite kva vi skal lære før vi lærer det? Wesch har vel bevist at dette strengt tatt ikkje er nødvendig, då han lot elevane bruke sine basale ferdigheiter til å skape ny kunnskap med bruk av sosial web som verkty utan å vite kva resultatet skulle bli. Så då undrast eg som lærar, med læreplanar hengande over hovudet, kva med litt av begge delar? Det treng kanskje ikkje vere enten eller, men målet må vel først og fremst vere å få elevane til å ønskje å ville lære igjen for å nå dei faglege måla...?
Referanser
H, Hårstad, Hvilken type nettsamfunnsbruker er du? ITU:16.10.08. [Tilgjengelig frå] http://www.itu.no/Nyheter/1224159645.86 [Lasta ned 13.01.09](1)
H, Hårstad, Sosial web, et potensielt utdanningsverktøy. ITU:16.10.08. [Tilgjengelig frå]
http://www.itu.no/Nyheter/1224155942.08 [Lasta ned 13.01.09](2)
H, Hårstad, Har sosial web et utdanningspotensial? ITU:20.10.08 [Tilgjengelig frå] http://www.itu.no/Nyheter/1224493677.04 [Lasta ned 13.01.09](3)
M, Wesch, Anti-teaching:Confronting the crisis of significance. [Tilgjengeleg frå] http://www.cea-ace.ca/media/en/AntiTeaching_Spring08.pdf [Lasta ned 13.01.09]
tirsdag 13. januar 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar