Då var nok ei veke flaksa forbi nesten utan å merke det! Veka har gått med til å arbeide med A2 i DKL104 nettavisa og innleveringsdokumentet, så det har blitt lite av blogging og arbeid med andre arbeidskrav, men håper eg får gjort dette dei neste dagane... Nettavis var ikkje berre berre... Må sei at programering (CSS,HTML) ikkje er noko for meg! Eg såg ikkje anna enn dansande bokstavar framfor meg når eg skulle prøve meg! Nektar å tru at dette er noko for alle og ein kvar! Då må ein iallefall ha meir tid tilgjengeleg, og helst ha nokon tilgjengeleg som kan dette, som kan rettleie ein litt så ein ikkje treng å famle i blinde så lenge... Ein lærer av andre og, ein må ikkje lære alt på eiga hand! No har ikkje eg stått for meir enn max 5% av programeringa og alikevel er eg så frustrert... Eg må virkeleg sei at eg beundrar tolmodet til Linda som har såtte dag og natt for å komme i mål med den programeringa vi har fått gjort, med noko avlastning av Rene inni mellom. Må sei det at utifrå forutsetningane vi hadde så er eg kjempenøgd!! Supert jobba!
Elles så har gruppearbeidet fungert bra, med berre nokre små tilfeller av for dårlig kommunikasjon, men dette er retta opp i no.
Vi har samarbeida i google dokumenter, der vi har laga responsspørsmålsdokument, samarbeids/diskusjondokument, header dokument og innleveringsdokument. I tillegg til dette har vi og hatt møter på Skype med jevne mellomrom, og brøvd å bidratt kvarandre så godt vi har kunna.
Ifht nytteverdien til å ta med seg dette vidare i jobb, er eg heilt med på det å lære om digitale medium, og gi respons på andre sine produkt, men dette med programmering skjønar eg ikkje heilt. Er dette noko vi skal lære elevane, eller er det noko vi som lærara må kunne dersom vi skal opprette ei nettavis på skulen vi jobbar? Ifht å ta kontakt med ikt-ansvarleg på skulen for å få hjelp til dette, så trudde eg at det kanskje var oss så kom til å bli det, IKT-ansvarlege altså.... Til dette må det etter mi meining ein dyktig teknisk ikt-ansvarleg til for å få til dette, og det er ikkje meg... Har lært mykje denne veka, men når det gjeld programeringa synest eg at den var difus, uklar, ingen "opplæring" og vanskeleg å samarbeide rundt... Dette skapte ein del frustrasjon, når det var så mykje ein ville få til, men ikkje fekk til, og når ein endeleg begynte å få til ting så er tidsressursen nesten oppbrukt og vi er slitne.... men altså alt i alt VEL BLÅST meinar no eg!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar