Sanna Trygg (2008) skreiv om dei unge sitt mediekonsum og mediekritikk i eksamensoppgåva si i journalistikk. Ho meinar at dei unge sitt mediekonsum er viktig for forståinga dei unge har til tilværelsen sin, og korleis verden ser ut. Ho meinar at skulen bør vektlegge meir korleis dei ulike mediuma fungerer og analysere den skjulte bodskapen som evt ligg bak. Kommersielle og politiske interesser har heilt andre mogelegheiter for å få ut bodskapen no enn før, og Sanna meinar det er eit demokratisk problem dersom vi ikkje lærer barn og unge korleis dei skal handtere dette mediebiletet. Sosiale nettstadar som Youtube, Google og Wikipedia blir brukt av elevar langt nede på barnetrinnet, og dei er tilhengarar av tradisjonelle medier, blogger og sosiale medier. På grunn av dette blir det viktig at dei lærer seg tidleg kva medier som seier kva når og kvifor. Meiningane til Sanna kan vi underbyggje med at Internett er elevane sitt viktigaste nyheitsmedium, og når ho då sei at skulen bør satse på mediekritikk allereie i barneskulen, (Overland, 2009) så er eg heilt enig.
Tida som blir brukt på medier har ikkje auka noko særleg, men dei unge bruker mange fleire medier på samme tid. Akkurat no sit eg på nett og bloggar, er innom msn av og til, hører på nettradio og er innom og googlar når det trengst, alt dette samtidig. Eg har bikka 30, og eg synest det er vanskeleg å halde styr på alt eg har tilgong på, og vite kva som er truverdig og ikkje, og det er så å seie umuleg å ikkje la seg påvirke av reklame, også i ein alder av 30…… Så då berre undrar eg på kor det må vere for 10-12 åringane i dag…
Når tilgjengeligheita på det meste har blitt så enorm som den er i det digitale universet, og når mange av brukarane av sosiale nettstadar og andre netttenester er elevar langt nede på barnetrinnet, meinar eg det sei seg sjølv at dette stiller krav om rettleiing og hjelp til navigering, og til det å utøve evne til å stille seg kritisk til all den informasjonen som finst tilgjengelig. Når 70% av det som svever ute i det digitale universet er ”sprøyt” eller i allefall ikkje til å stole på, treng både elevar og lærarar opplæring og rettleiing i korleis ein skal navigere for raskt å finne informasjon om det ein er ute etter, og det å kunne velge ut truverdige kilder. Lærarane må saman med elevane utvikle ei mediekritisk kompetanse.
Med denne kompetansa i ryggen, vil både elevar og lærarar vere i bedre stand til å navigere tryggare på nett. Mediekritisk kompetanse saman med det å vite korleis og kvar ein skal søkje, trur eg er alfa omega for å kunne handtere alt det som er tilgjengelig på nett i dag. Med dette som bagasje kan vi som lærara og foreldre føle oss tryggare, og elevane vil i følgje Birgitte Kleivset, kunne i større grad vere i stand til å søke etter informasjon, vurdere denne kritisk for så å bruke det som er relevant og truverdig. Med fokus på å etablere informasjonskompetanse blant elevar og lærarar, vil dei blant anna kunne:
-Erkjenne et behov for informasjon
-Identifisere og finne fram til passende
informasjonsressurser
-Evaluere kvaliteten på informasjonen
-Velge ut og organisere informasjonen
-Bruke informasjonen effektivt
-Innsjå at informasjonskompetanse er en forutsetning for
livslang læring(Overland, (2009)
Dette trur eg er, og kjem til å vere veldig viktig å vektlegge i den digitale læringsprosessen for at vi skal kunne oppnå ei optimal digital kompetanse, og ikkje gå oss vill og drukne i det enorme og fortsatt ekspanderande digitale universet………
Spørsmålet ein då sit igjen med er korleis vi skal kunne gi elevane denne mediekritiske kompetansen.
Kjelder
Overland, J A. (2009) Informasjonskompetanse 1 - DKL102 våren 2009
Delemnet Informasjonskompetanse Informasjonskompetanse og forskning [Tilgjengeleg frå] https://docs.google.com/a/ga.hivolda.no/Doc?id=dg9r76pg_0gsdv2kvh
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Hei Mona. eg synest du har skrive ein god refleksjon - særleg avsnittet i midten sat som eit skòt, gitt!! Eg er samd i konklusjonen din, som ikkje var ulik min (ikkje så rart det med tanke på kvar vi "er"). Både vi og elevane våre treng kompetanse i å skilje "sprøytet" frå det som er empirisk begrunna og har fagleg kvalitet/tyngde over seg!! ;)
SvarSlett