Månebilde frå Stavanger som eg har tatt....
Blogginnspurt!
Hensyn må vi ta for å gjere alle gla...
Ikkje låne ikkje ta, og ikkje vise bilete
før eit samtykke du har!
Personvern og opphavsrett er her to VIKTIGE ord!
Sosial web kan by på så mangt...
Treng du ein venn kan du til Facebook gå
Er kameraet ditt fullt, finst det håp, og
både på Picasa og Flickr vil du få gode råd!
Men husk og pass på, det er ikkje alltid
det er ærligheita som rår.....
Film, podcast og nettavis har vi laga!
Medieproduksjon heiter det i desse dagar.
Her var Design ein viktig faktor,
for når auga skal sjå, er det viktig
at det estetisk vakkert er laga...
Men også her er Personvern og Opphavsrett to meget VIKTIGE ord!
Tekst er så mykje meir no enn før...
Bilete, ord, lyd og film
kan i dag skrive våre ord.
Samansatt tekst har det til namn....
Tenk så godt for den som ikkje lese og skrive kan
som no kan prate og lytte og alikevel kunne føle at det gjer si nytte....
Og stor stas er det er når ein filmstjerne kan vere...
Det finst så mongt ein må lære
og alt er ikkje like lett å bære...
Då kan det hjelpe å lære å lære...
Mindomo eller freemind er to slag av samme sort
og eit nyttig tenkjeverkty det kan vere
for å klare å bære alt du skal lære...
Digital kompetanse er eit vanskelig ord...
som må forklarast med mange ord...
Ferdigheiter, kunnskap, visdom og holdningar
er her viktige ord, og dei må igjen
forklarast med sine eigne nye ord...
Om du Informasjonskompetanse har,
er du godt på veg, for då kan du finne vegen
i den werdens wide weven...
Hugs då å bruk din kritiske sans,
for det er ikkje alltid
det er ærligheita og visdommen som er til salgs.....
Dei unge i dag har sine eigne arenaer
og slik må jo det også vere...
Men vi må rettleie og vise dei vegen
for korleis det bør og kan vere...
Det er ikkje berre lett å vere 14 år og på nett, og alltid hugse å bruke vett...
Då er det viktig å lære at vett er VIKTIG!
både i den verkelege verda og på Nett.
Digital arena eller ein annan arena
Kardemommelova ruler og burde gjelde på alle skuler!
Hensyn må ein alltid ta, både på nett og i den verkelge verda... Ei nyttig side kan då vere Lovdata.no. Er det noko du lurar på om du har lov til å bruke, publisere o.l i arbeidet ditt finn du svar på dette her. Men ein "gylden" regel kan vere at ein ikkje skal bruke noko utan løyve, så spør å sjekk alltid ut før du "lånar" noko til arbeidet ditt. Dette var også pensum i DKL101 så har ikkje reflekteret så mykje over det i bloggen. Men i alle blogginnlegg og innleveringar har eg kreditert alle som eg har brukt som kilder, eg har brukt eige eller opphavsklarert materiale og meinar at eg ikkje har brote verken lova om opphavsrett eller lova om personvern. Har eg det vil eg gjerne vite det for då veit eg det ikkje sjølv. Er av den trua at eg skal kunne rettleie elevane på rett veg innanfor opphavsrett og personvern når vi skal bruke dette i didaktisk læringsarbeid og evt publisere noko på Internett...
Alt du kan!!!!!
SvarSlett