Kan ikkje få sagt kor heldig eg er for at M2 DKL102 var ferdig før vinterferien! Det eg er mindre fornøgd med er at eg tok eindel fri i vinterferien i tillegg til å få sjuke barn i veka etter! Vi skulla fått A2 DKL 104 veka før med leksjonar! Da hadde vi hatt litt meir tid. Til i morga må eg skrive to artiklar og lære meg å navigere på ein heilt annan måte i Wordpress.com! Spennande, men det kjennest ut som det begynne å bli nok å halde oversikt og kontroll over oppe i topplåket. Men vi får vel berre halde tunga rett i munnen å satse på at det går bra. Vil du kikke på nettavisa mi finn du lenkje til dette på nettsida mi eller lengre nede i teksten.
Var på samling igjen på torsdag 5. og fredag 6. mars. Der var det Google earth og picasa film som var tema. Her laga vi på gruppa i 102 eit eit undervisningsopplegg med ein eksempelfilm til. I tilleg til at vi fekk prøve oss på Sketchup.com og tegna hus. "Huset" mitt ligg som ei fil inne på nettstaden min, men du må ha lasta ned sketchup for å kunne sjå det. Ganske kjekt dette her, men ei tolmodigheitsprøve uten like... Har fått laga min personlege heading på nettsida mi og på nettavis sida mi, og det var faktisk ikkje så vanskeligt i det hele tatt. Hadde eit bilete av auga til eine sonen min som eg lasta opp i picnik redigerte og beskjerte det der for så å laste opp heading på nettavisstaden min, og på nettstaden min redigerte eg berre toppteksten og valget at eg ville ha egendefinert heading! Synest dette passa då det vart personleg pga auge til sonen min, samtidig som eg meinar at ein må ha eit auge til det digitale universet og ikkje berre ta alt for god fisk-vi sakl jo vere kritisk reflekterte mennesker/lærarar som har digital kompetanse. På sammetid så vil aldersgruppa som min son er i verte dei neste unge som skal "kastast" ut i dette universet så det er jo greit å ha dei i tankane og halde eit godt auge med dei slik at vi kan veilede dei på "rett" vei... Men no må eg vel sette opp farta visst eg skal få til å skrive to artiklar til i morgon! God helg everyone! Hakuna matata!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ville gjerne sjå teikninga av huset ditt, men fekk beskjed om at eg ikkje hadde tilgang til sida.
SvarSlettNo er det fiksa!
SvarSlett