mandag 20. april 2009

Livet går vidare og eksamenane nærmar seg....

Da er alle mappeoppgåver og arbeidskrav ferdige og innleverte....Desse kan du ta ein nærmare kikk på her om du vil, så da gjennstår det berre å vente på resultata på dei siste innleveringane så ein veit ein får gå opp til eksamen. Dette gjeld jo spesielt DKL102 der vi skal levere mappeeksamen, har jo nesten god tid på den då ein berre skal reflektere litt over kvifor ein vel dei to oppgåvene ein vel...Det vansklige her er å klare å bestemme seg for kva ein skal velje..

Når det gjeld DKL104 er det litt meir å gjer. No er prosjektplanen ferdig og innlevert, så då er det rettleiar vi ventar på. Ifølgje tidsskjema skulle vi vel få utdelt ein i dag! Så då er det vel berre å ta til på resten av arbeidet så vi kjem i mål med eksamensprodukt og rapport til 12. mai....og finne ut korleis vi skal forberede oss til muntelig den 19.mai. Spørs om tilstedeværelsen vil være heilt på topp 17.mai som vi er så gla i! ;-) Prøver å ikkje tenkje så mykje på akkurat det enda...no vil vi berre ha klar signal frå rettleiar slik at det er berre å sette i gang med siste innspurt.... Så satsar vi på at vi får god hjelp til å komme i gang på siste DKL104 samlinga.

Mens ein ventar har eg prøvd å fylle ut hulla i blogg/logg/nettsida mi for at alle delemna skal vere representert, og trur no at eg er nokon lunde i mål!

søndag 19. april 2009

Arbeidskrav 3

Ja då var det endelig gjort! Har levert A3 og publisert filmen min! Må sei det er fole rart å sjå seg sjølv på film og vite at mange andre og kan sjå det... Har knota mykje, og refleksjonane var ferdige lenge før filmen. Har ein bråte med idear, men trur eg må "øve" meg ein liten stor haug til før eg er klar til å bruke det i undervisning. Kunne ønske det tekniske ramla meg inn meir naturleg, for dei det gjer det med går det unna i ein sveidrei... og med meg tek slike ting litt meir tid. Redigering er for dei som har ei god tolmodigheit, eller som er fingernem og gjerne med tilgong på litt bedre verkty. Dette er jo ikkje alltid like motiverande når ein ikkje har verdas største tålmod! ;-) Men eg har klart det og er ganske nøgd. Med tanke på at dette er første filmen eg har laga heilt sjølv, knapt har filma før og kameraet var eit 6 års gammalt Sony av den enklaste utgave, så er det jo begrensa kva ein kan få til... Ser at panoreringane og tiltane mine ikkje er heilt stødige, og at overgangane ikkje flyt like godt heile vegen i filmen, men ein må vel ikkje få til alt på "første" forsøk...Samstundes er filmen bitte litt i lengste laget, men håpar at det går bra.. Må no berre vente i spenning til "dommen faller" ein gong før 12.mai...då er det eksamens innlevering og ein får ikkje gå opp til eksamen utan at alle arbeidskrava er godkjende..

Her er forresten filmen vi laga når vi var på "filmsamling".

Videoproduksjon DKL104-V2009

Her er mitt bidrag til arbeidskrav 3! Har prøvd meg på ein "How to" make a movie a'la slik DKL104 studentene har lært det.... Så spørs det berre om eg har gjort det forståelig nok... Bon apetite anyway!

lørdag 18. april 2009

Siste DKL102-samling :-(


Pippip på verandaen vår i Stavanger...

:-( ;-) :-D....
Siste samling var vanskelig, bra, morsom og vemodig! Det vanskelige var på Torsdagen, når vi måtte gi respons til kvarandres oppgåver! Har ikkje for vane å lese andre sine høgskule innleveringar og følte at det var vanskelig å gi god tilbakemelding, då eg mangla litt forutsetningar for dette. Men det var veldig lærerikt å sjø kor forskjelligt vi kan løyse den samme oppgåva, så for å få ein "breiare horisont" var dette kjempe lurt!Så dette var vel både vanskeligt, bra og lærerikt!

Det som var bra, morsomt og lærerikt var fredagen! Tusen takk for besøket Hr.Wølner, det satte vi stor pris på! Det var veldig inspirerande og lærerikt å høre på Wølner, og det å få prøve seg på animasjon var utrulig morosomt. Vi var nesten ferdige, vi hadde redigert alle bilda, lagt på/funne musikk og tatt opp lydane vi skulle ha med og så kræsja Windows Movie Maker :-( Vi prøvde fleire gongar men det ville ikkje, og vi skulle akkurat til å lagre akkurat i det alt kræsja.. Bjørn Endre fikk lagra det meste på ein minnepinne, så eg håpar han får ordna filmen, for den vart faktisk ganske så bra...

Vemodigt...

Ja det var litt vemodigt, at vi ikkje skal samlast meir. Når ein treffast så sjeldent så tek det litt tid før ein blir kjent og trygg på kvarandre, men på slutten no så har det berre blitt kjekkare og kjekkare og veldig sosialt! Og når man elles er ensom samaritan med hjemme studier, er dette noko en set stor pris på! Håper vi held kontakta kjære studentvenner og tusen takk for et spennende og lærerikt år! Om ikkje eg er digital kompetent enda så er eg iallefall eit stort skritt vidare, og det er ikkje lenger skummelt å ta til på noko nytt eller tørre å trykke for å sjå kva som skjer! Må få sagt at eg personlig kune tenkt meg litt meir verkty "leiking" og litt mindre pedagogikk, men eg har ialefall ikkje blitt mindre reflektert i forhold til arbeidet etter dette året! Trur faktisk at av alle år eg har studert, er dette det året eg har lært mest... Dette er ikkje smisk, men tusen takk Kjell! For din tilstedeværelse, inspirasjon, kompetanse og kreativitet som du har delt med med oss på ein fantastisk god måte! Gonna miss you all! Håper vi sees igjen ein gong! Lykke til videre på ferden! Klem frå Mona!

onsdag 8. april 2009

M3, M2, A3, Prosjektplan, design, blogg, nettside og litt til.....

Ja det må enn sei, dette vart litt av en påskeferie...NOT! Men det e vel slik å vere student..?? En smule hektisk når børna har fri frå alt å skal strekke til... Student 100%, mor 100%, samboer ?% ;-) Og noko meir er jo det ikkje så mykje tid til...

Først så skulle M3 inn 6.4, så trudde eg endelig eg haddde litt god tid på A3, som ikkje skal inn før 20.4, slik at det kunne bli litt påskeferie. Men den gang ei, ei knapp veke før påske når vi var i innspurten på M3, kom det ramlande en prosjektplan ifht eksamen på DKL104 som skal inn 13.4!!! Kanskje har det stått i semesterplanen, men det er ingen på gruppa mi som hadde fått med seg i allafall!!! Folk har jo planlagt påskeferie og greier, og oss som er mødre har barn rundt beina heile dagen så det er ikkje akkurat dei beste arbeidsforholda, men vi skal vel få det til dette og... Føles berre litt vanskeligt å skal bestemme seg for kva ein vil fokusere på til eksamen, når ein ikkje er ferdig/eller begynt på siste oppgåva på Dkl104 som kunne vere et alternativ til eksamensoppgåve...men men har ein dårlig tid så jobbar ein vel fortare..??

I tillegg til dette skal no ein prøve å få inn eit blogginnlegg innimylla, sjekke opp om alle delemna er dekte her og på nettsida, som skal vere klart til 30.4. Begynner å kjenne at det skal bli deilig med 19.mai... Samstundes har vi også fått tilbake M2 og den var heldigvis godkjent, men vi fekk mange gode peikepinnar om kva som kunna vore gjort litt annaleis, men det ville kreve at vi måtte gjere endringar på heile oppgåva. Dette prøvde eg å sjå på, men fann fort ut at det vart noko tidkrevande med alt det andre eg/vi har å gjer...So då får eg berre prøve å argumentere for dette når eg skal reflektere i eksamensinnleveringa til DKL102 14.5. Men når DKL104 gruppeeksamen skal vere inne til 12.5 og vi skal opp i muntelig til denne 19.5 er eg ein liten stor smule bekymra for at det ikkje blir so mykje tid då heller... Ja ja håpe det ikkje det e superviktig å blogge mykje no på slutten, for då blir no det ein slik frustrasjonsutbruddplass..;-)Men det kan kanskje vere greit...

Når det gjeld design så har eg prøvd å fått med den raude tråden eg og....auge er sonen min sitt...Hald augene åpne, rettlei dei unge på rett vei når det gjeld IKT, Mediedanning, digital kompetanse.... var det eg prøvde å sei her...elles så har eg prøvd å ha noko lunde samme farge, ein treng ikkje vere feminist og/eller rødstrømpe for å like rosa!! I tillegg til at eg likar fargen, symboliserar den og støttar kreftsaka...

Spanande er det iallefall, kunne berre ønske eg hadde minst dobbel så lang tid, slik at ein fekk til til litt meir enn berre så vidt vere innom å prøve ting,men faktisk også kunne lære å bruke dette slik at ein hugsar det neste gong ein skal prøve...
Ja ja nok frustrasjon for ein dag!!! GOD PÅSKE VIDARE TIL DEN SOM MÅTTE LESE DETTE!

fredag 27. mars 2009

Innspurten alt i gang!?!!

Ja det følest iallefall slik! Er no i gang med dei to siste arbeidskrava før eksamen å det har berre gått så utruleg fort! M3 trur eg at eg er så å seie i boks med, men ein føler seg aldri sikker når ein jobbar aleine med oppgåvene, og då er det greit med litt kvalitetssikkring av andre!;-) Ser at ein slik informasjonsnav kan vere eit fole greit verkty å ha tilgjengelig. Utfordringa her må jo vere å begrense seg slik at ein kan klare å få til ei oversiktleg side for kvart fag. Kvart fag har jo igjen sine tema med sin tilgjengelige og truverdige informasjon, så kvar ein skal sette rammene eller begrensingane her føler eg er vanskeleg. det ideelle ville kanskje å ha ein nav for kvar fag, og så ha undersider til tema her? Ser at tidsressursen her kan by på ei utfordring, men når det først er gjort blir det vel berre nokre små justeringar og det å følge opp me nytt stoff når det dukkar opp? Startar ein på dette i til dømes 8.klasse, vil jo ein kunne ha denne naven gjennom heile ungdommstrinnet, og bruke den på nytt når ein evt begynner med ny klasse, med som sagt berre nokre få justeringar og tilpassingar undervegs... Det samme skulle vere mogeleg å få til på mellomtrinnet. Jo før en begynner å utvikle dei unge sin informasjonskompetanse og mediekritiske kompetanse jo bedre. Her er iallefall min Netvibes.

Har så vidt fått begynt å kikke litt på A3 og men der er det eit stykke igjen, og blir nk ikkje ferdig med den før over påske. Synest alt såg forholdsvis greit ut, bortsett frå storyboarden, då ikje mine teikningar er med på å visualisere mine tankar om korleis filmkutta skal sjå ut, men eg skal vel klare å teikne nokre fyrstikkmanna eg og... ;-) Lykke til folkens so ser vu over påske! God Påske!

torsdag 19. mars 2009

Web 2.0-verkty


(Bilete frå Informasjonskompetanse2-leksjonen, redigert i Picnik.)

I denne figuren over ser du nokre av de viktigste web 2.0-verktøyene som alle har eit pedagogisk potensiale ved seg. Ta ein grundig kikk på dei.

* Kva for nokre brukar du i dag?
* Kva for nokre har du høyrt om?
* Korleis kan dei brukast inn mot elevane si læring?

Eg kan berre tale for meg sjølv, men eg må sei det er ganske tankjevekkande å sjå kor mange av desse eg berre så vidt har høyrt om, men ikkje har noko aning om korleis virkar... Når 3 av 4 unge brukar web 2.0- verktøy trur eg det er viktig at vi som lærarar har kjennskap til mykje av det som eksisterar innanfor denne "sjangeren". Dette for å få betre mogelegheiter til å vite og forstå kva dagens unge held på med, og samstundes kunne dra nytte av denne kjennskapen i større grad for å planleggje, tilretteleggje og tilpasse undervisninga. På denne måten trur eg at både dei unge og lærarane vil finne undervisning og kompetanseutvikling både meir meiningsfull, meir fleksibel, med større moglegheiter for variasjon og at læringsprosessane blir meir i tråd med samunnsutviklinga.

Når det gjeld meg og dette tankekartet, så har eg som sagt hørt om nesten alle, og eg har iallefall hørt om nokre innanfor kvar hovudgruppe. Når det er snakk om kva eg brukar, så brukar eg nok ikkje verkty innanfor kvar hovudgruppe. Når det gjeld video, så har eg vore mykje inn på YouTube å kikka, og eg har høyrt om Googles video, men eg har ikkje laga noko sjølv for så å leggje det ut. Må vere stas for elevane å få lage eigne filmar for så å publisere dei til dømes på YouTube så lenge ein har eit bevisst forhold til personvern og opphavsrett. Samstundes så tykkjer eg at YouTube kan vere ein stad å "øve opp" elevane sin mediekritiske kompetanse, då det meste blir publisert her, og elevane må ha eit kritisk forhold til dette og ikkje ta alt for god fisk.

Når det gjeld lyd, så har vi gjennom Dkl studiet fått prøvd å lage podcast. Resultatet fin du her. Dette trur eg kan brukast på ymse vis i ulike læringsprosessar. Til dømes kan elevane lage faglege radioreportasjer innanfor ulike emne, som eit alternativ for veggavisa eller vanleg kateterframføring, eller kanskje kan dei lage eit reklameinnslag for heimstaden sin.

Bokmerkeverktya har eg hørt mykje om, men har desverre ikkje komt meg i gang med å bruke dei, men eg ser at dette er ein god måte å ta vare på gode nettstadar, bloggar og ymse anna som har nytteerdi i seg til seinare eller som ein berre finn interessangt og vil komme tlbake til seinare og som ikkje har RSS tilgang.

Tankekart har eg brukt ein del, og eg har prøvd både freemind og mindomo og synest dette er ein god måte å strukturere og forenkle læring på. Dette trur eg er mange elevar og som tykkjer. Når ein i tillegg kan lagre dette på nett, dele det med andre over nett og samarbeide på samme tankekart på nett gir dette nye moglegheiter og potensiale for auka læringsutbytte og samarbeidslæring.

Med dagens produksjon av samansatte tekstar, er det fole greitt å ha ein plass å lagre å hente bilete frå. Sjølv har eg Picasa og ser store potensiale her. Det som blir viktig å ta hensyn til her er opphavsrett og personvern i forbindelse med å bruke andre sine bilete, eller det å publisere bilete av andre. Her har flickr ein flott ressurs som heiter cc. Creative commons er bilete som andre har "gitt" frå seg slik at alle kan bruke dei utan a ein må ta hensyn til personvern og opphavsrett.
Blogg, Wiki og Google doc`s er alle tekstverkty på nett. Eg brukar for tida både den første og siste, og ser stort læringspotensiale i begge to. Blogg kan ein bruke i alle fag, eller innanfor ulike tema i ulike fag. Fagblogg eller temablogg kan vere ein plass der elevane skal publisere eller dele sin eigenskapte kunnskap, noko som eg trur må vere meir meiningsfylt enn å heile tida lese pensumboka, kvifor ikkje lage sin eigen pensumblogg på nett? Når det gjeld Google dok`s er dette eit godt verkty for å samarbeide på samme tid på nett. Med dette verktyet kan ein site i kvar sin heim å samarbeide med lekser, ein kan samarbeide på tvers av skular, på tvers av fylker og landegrenser, og samarbeid har nådd ein heilt ny dimensjon...

Atom og Rss er vel det eg fortsatt føler meg mest usikker på..Forstår korleis det funkar og eg tykkjer det er heilt genialt, men samstundes så føler eg ikkje at eg heilt veit kva rg held på med når eg held på med dette. Kanskje det blir for abstrakt eller høgtsvevande..;-)? Genialt er det i allefall. Ved å til dømes bruke Netvibes så kan ein lage sin eigen base for relevant informasjon ifht ulike fag, interesser eller andre ting, og ved då å sette Rss på desse så får ein beskjed om når det dukkar opp nye ting. Informasjonen kjem til oss istedet for at vi må leite etter den. Utfordringa blir kanskje før ein har fått etablert dette, det å finne det ein vil abonnere på i den store www`n, men den som leitar vil vel finne....

Den siste store gruppa, trur eg er den som blir mest brukt blant dei unge, og minst på skulen...I allefall formelt sett under lærarstyring. kanskje er dette like greit når dette er den "nye" sosiale arenaen for dei unge og at det kanskje ikkje er så interessangt for dei unge å dele denne arenaen med lærarane...Sjølv er eg med i Facebook og synest dette er ein super måte å halde kontakt med vennar på. Ser eit potensiale i å bruke dette som ein kommunikasjonsplass mellom lærarar og elevar på ulike vis. Men samstundes så er eg veldig usikker på dette,og med ein god og funksjonell LMS vil dette kunne fungere flott som ein kommunikasjonskanal mellom elevar,lærarar og foreldre. Ein annan faktor som vil vere like så viktig med dei unges bruk av sosiale nettverk er etablering av nett vett og med det mediekritisk kompetanse. Kanskje kan ein bruke dei sosiale nettverka for å etablere dette. Ikkje ved å innta denne arenaen til dei unge, men gjennom samtale, kritisk reflektering og bevisstgjering av dei unges måte å oppføre seg på i den verkelege verda, kontra den digitale...
Med å gi elevane:
-ansvar, for eg sjølv, sine medelevar og samfunnsutviklinga
-innblikk i konsekvensar dersom ein ikkje tek dette ansvaret
-tru på dei som individ, medelevar og samfunnsborgarar

trur eg at dei sosiale nettverka kan bli ein viktig faktor i sosialiseringa i dagens samfunn, og det er vel den viktigaste læringsprosessen av dei alle....